Categories
Arctandrias skrifter

Fembøringsnaust

Fra Arctandrias Skrifter nr. 6. Skrevet og illustrert av Leidulf Olsrud.
Med tanke på dei som har planer om å skaffe seg eigen fembøring, og vil ha skikkelig hus til han, skal eg skrive om bygginga av "Arctandria" sitt stornaust. Bygginga har - til september 1991 - tatt 4 år, ikkje fordi byggearbeidet var vanskelig eller fordi finansieringa var nokka problem, men fordi dugnadsgjengen har bestått av berre 5% av medlemsmassen. Denne artikkelen skal være faglig, og fortelle om erfaringer vi har gjort under bygginga, problem og måtar på løysa problem på.

Arbeidsleiar ved dei viktigaste delane av arbeidet har vore Sverre Slettmo, ellers hadde dei fleste av byggarane minimal erfaring med tømring og lafting. Naustet er eit skjelternaust med tømra nover, bygd mest mulig slik desse nausta blei bygde før i tida.
Vi startar beskrivelsen på eit litt merkelig tidspunkt - hausten 1989 - to år etter byggestart. Då oppdaga han Helge Karlsen at det var eitt eller anna galt med konstruksjonen, og at lang-veggane var i ferd med å sige ut av stilling. Raftstokkane var oppe, og vi trudde i alle fall at vi hadde gjort alt rett Det viste seg at vi hadde hatt problemet med oss heilt frå den første syllstokken blei lagt. Naustet er 15 m langt og 7 meter breitt. Sjølsagt hadde vi ikkje tømmer som var så langt at sylla blei heil, og ho er skøytt saman av 3 eller 4 stokkar. Det blei valgt ut godt gamaltømmer, og stokkane blei skøytte saman med vanlig not og fjar. Det vi ikkje tenkte på, var at fleire av stokkane var av kløyvd tømmer, og hadde ein halvmåneprofil..

"Magen" på stokken blei snudd ut, og alt såg bra ut. Neste stokk blei me-dratt og demla fast, og oppå dette blei med tid og stunder stavane reist, 3 på kvar side. Straks raftstokkane var på plass - tre oppå kverandre, blei vekta så stor at syllstokkane blei pressa utover. Tyngdepunktet var blitt liggande utafor sentrum av syllstokken. Demlingane og not-og-fjær-skøytene var ikkje nok til å halde det heile saman, og det var dette han Helge hadde oppdaga. Det blei straks sett i gang avstiving med innvendige strekkfiskar som låste begge syllstokkane, staven og dei tre raftsokkane saman i stilling. Dette er ein god og stødig konstruksjon som vi vel burde ha planlagt heile tida.

Så hadde vi lært dette: Syllstokkane må vare av det grovaste og lengste tømmeret vi har, det må være flathogd på undersida og ligge heilt stødig på store flate syllsteinar. Skøytane må vare nøyaktig utførte, og neste stokk må få ekstra mange demligar. Når så stavane blir reiste nøyaktig i lodd og alt blir midlertidig avstiva etter kvart, vil det vare rnulig å klare seg uten strekkfiskar som egentlig er eit fremmedelement og ikkje originalt på dei gamle skjelternausta.

Tømmermengden
Tømret vårt var gammalt 5 toms bygningstømmer frå fleire gamle rivingshus i Tromsø. Omtrent 1/3 av det som skulle til var skaffa til veie då bygginga tok til. Dette gjorde at vi heller ikkje hadde det gode utvalget av tømmer til dei første og viktige bygningsdelane. Vi skulle nok ha sikra oss nok tømmer frå starten av, rnen behovet var ikkje regna ut på forhand, og vi måtte supplere beholdninga to gongar. Tømmerforbruket er overraskande lite. Det ferdige naustet har ca. 100 kvadratmeter tømmervegg, 400 strekkmeter normalt hustømmer. Dette betyr at 1/2 av bygninga er skjelterveggar, dører og luker i dei tre røsta.

Novinga
Den lafteteknikken som blei brukt i novene var av aller enklaste slag. Overstokken blir lagt oppå understokken. Med vater blei det merka av største breidde på overstokken - og loddlinja blei merka av på tverstokken. Det må strekes på alle sider der det skal sages. Tømmeret vårt var ikkje av heilt like dimensjonar, frå 4 1/2 toms til 5 1/2 toms. Det er viktig at yttersida av veggen blir jamn og i lodd, derfor er det heile tida ytterveggen som er utgangspunkt for målinga.

No blir det saga ned omtrent halvveis i det av tverstokken som ligg fri. Det blir brukt øks eller grovt hoggjern for å få vekk klossen som ligg mellom sagspora.

Før vi held fram med novhogginga bør det settes inn demligar. Den dimensjonen vi kom til å bruke mest var 5/4 toms. Dette blir ein såpass kraftig demling at vi har råd til å skave av han dersom vi ikkje er heilt heldige med boringa. Demlingen skal berre holde stokken i stilling, og ikkje holde imot sterkt press. Likevel skal vi merke oss at demlingane i eit skjelterhus må tåle meir enn dei må i eit fulltømra hus. Der får nemlig stokkane ei låsing i kvar ende, mens vi berre har ei noving og ein "lausende" som må ha si eiga avstiving med fjøler eller midlertidig beitski.

Demlingane
Utmålinga av sentrum i demlingsholet gjorde han Sverre med vater, vinkel og tommestokk frå yttersida av stokken. Dette blei alltid rett, men ikkje fullt så rett når vi skulle gjere det sjøl. Derfor blei det til at vi sette to demligar i overstokken, plasserte den rett over understokken og tegna merke for holet der demlingen trefte understokken. Dette blei så godt som rett, men her gjeld det og å vare pinlig nøyaktig. Dessuten må det tre mann til, to til å holde og ein til å merke dersom stokken er lang. Ved Sverre sin metode kan ein mann åleine legge opp ein så stor stokk som han kan løfte.

Det skal godt øyemål til for å få demlingshola i lodd. Vi brukte berre navar, og brukte sjølve bygninga til å sikte etter i langlinja. I tverrlinja var det lite å sikte etter, så det blei å stole på handlaget som sjølsagt blei bedre etter kvart.

Demlingane skal ikkje botne heilt i hola. Sjøl gammelt tømmer sig i hop når huset er ferdig (belastninga kjem på nye punkt) og stokken må ikkje bli hengande på demlingane. Spillerommet måler vi med tommestokk.

Etter at det no er bora i understokken, blir overstokken snudd og lagt på plass med demlingane i hola. I eit fulltømra hus treng ikkje demlingane å gå så sarlig trongt. Men i dette svare naustet, som har inntil 12 kinnungar i høgda blei dei gjort tronge for å få litt ekstra stød i den høge og litt lealause veggen.

Det er to demlingar i kinnungane, ein 1 1/2 fot frå nova og ein ca. 1 fot frå ytterenden. Det er lurt å merke seg kor forrige demling er, slik at dei ikkje blir ståande rett over kvarandre. Ved Sverre sin metode vil vi alltid ha oppmerkinga å sjå etter.

Overstokken blir slått ned med grov treklubbe, ikkje med øks som vil lage stygge merkar i stokken. Det hender at stokken fjarer og sprett opp, for å unngå dette kan du slenge ein fot over stokken mens du slår, det skal ikkje mykje til.

Medraget
Har vi vore nøyaktige med måling og boring, vil no overstokken gå så langt ned i sporet i tverrstokken at vi kan ta det første me-draget. Stillbar me er ein stor fordel.

Husk å holde mea loddrett, for overstokken skal loddrett ned på understokken. Ved medraginga er det viktig at begge stokkane har ein god skråkant, slik at det framleis er skråkant igjen når fellinga er ferdig. Det er pent å sjå på, og overstokken vil ikkje være utsett for å remne. Det blir laga merke med meet på novhauet, men utforminga her er ei sak for seg som vi skal komme tilbake til.

Medkniven
Så er det medkniven som skal gjere arbeidet. Stokken blir snudd, det er ein fordel om demlingane blir ståande igjen i understokken, og med medkniven tar vi heilt inn til streken. Godt råd: Stol på streken! No kjem det og godt med å ha hogd god skråkant på stokken, då blir det mindre arbeid med medkniven. Der tømmeret er kvistede og med ekstra urolig ved er det griett å gjere grovarbeidet med øksa og berre ta finpussen med medkniven.

På novhauet skal vi ikkje bruke medkniven, men berre økse av slik at dei ligg omtrent flatt på kvarandre. Dette var vi ikkje klare over før halve naustet var ferdig, derfor har heile naustet utgropa novhau, og datte er ikkje pent.

No held vi frem med medraging og novhogging til alt fell heilt i hop, og stokkane er i lodd på utsida. Vi venter med å kappe novhau til naustet er ferdig. Derimot må vi kappe den frie enden av kinnungane, slik at vi får laga sporet for beitskiene. Det vatres opp og sages. Bruk vater og vinkel og strek på begge sider. Va r nøyaktig - det lønner seg når beitskiene skal på plass. Vi fekk mykje ekstraarbeid med å tilpasse beitskiene til dei ujamne stokkendane, og i praksis er det umulig å finsage stokkendene når naustet er ferdig. Sporet for beitskiene blir laga med demlingsnavaren.

Sporet er bordiameteren plus 1/2 diameter djupt, og det er lett å økse vekk det som står igjen.

Stav og raft
Når dei fire hjørnane er høge nok skal det heile bindast saman med dei første raftstokkane, eller stavleiet som vi kan kalle dei på eit skjelternaust. Først reiser vi stavane som skal stø under raftet. Dette er solid tømmer som er tappa ned i syllstokken med ein 1 1/2 tomme tjukk tapp. Først blir det saga ned eit 1 tomme djupt fotfeste for staven, då får vi 6g ei fin flata å måle ut sporet på.

Holet blir drenert, det blir bora eit hol frå botnen og skrått ut gjennom stokken. Det vil alltid stikke seg inn vatn her, og hola skal sleppe ut vatnet og skape lufting omkring tappen, slik at han får tørke. Foreløpig står staven fritt, med god overskuddslengde, og blir stiva av i lodd med skråbånd på sylla og innover i naustet.

På vårt naust står staven med 3 meters mellomrom, likt fordelt frå nova og innover, slik at den første staven står berre litt over ein meter frå enden på kinnungene. Det er viktig både for utsjånanden og reint praktisk at stavleiestokkane er nøyaktig like høge i alle hjørnane. Denne høgda sette vi av med kikkert, og ellers er det jo mulig å bruke vass-slange til dette. Høgda på stavane blei sett av med ei snor som blei hardt stramma mellom høgdemerket i hjørnane. Andre målemetodar er for usikre, blant anna fordi sylla ikkje er vannrett og derfor ikkje kan brukes som utgangspunkt for målinga.

Skøytinga av stavleietAv samme grunn som med sylla måtte stavleiet skøytast, og det har tre lengder på eine sida og fire på den andre. Her blei det brukt hakeskøyt for å motvirke strekke utover, og haken er ikkje enkel å få tett og god. På så ujamt tømmer som det vi arbeide med, er det best å lage ein mal av eit tynt bord, det blei gjort og fungerte godt.

Skøytane i stavleiet skal ikkje ligge rett over ein stav. Her skal nemlig staven gå opp i stavleiet med ein tapp, og dessuten skal det settes ein demling gjennom haken, og alt dette blir for mykje "rot" på eit punkt.


Skjelterspor

Før vi legg opp stavleiet lagar vi spor for skjeltrane, det er heilt umulig å få det til etterpå. Sporet er ein rettvinkla trekant, breidda er etter den typen skjelter vi har tenkt å bruke. Det er ytterkanten av sporet som blir mest synlig, og som vi må passe på å få like langt inn frå ytterkanten av stavleiet rundt heile naustet.

Dei fleste meknivane er rettvinkla og greie å bruke. Vår skjeltermaterial var forskjellige dimensjonar av gammal golvplank og kledningsbord, og våre skjelterspor er ca. 1 1/2 tomme breie og like djupe. Dei er altså litt spissare enn rett vinkel, og det kjem av at dei blei laga med øks.

Var forberedt på at det blir litt puslespill når den siste biten av stavleiet skal på plass. Dersom den siste biten skal ligge ut mot nova, er det bra å ha litt ekstra høgde på kinnungen som ligg under stavleiet - altså litt å "gå på". Pass på å få laga godt spellerom for beitskia der beitskitappen skal opp i stavleiet før alt blir låst fast for siste gong.

Sigerom og kilar
På toppen av stavane, i breidd med tappen, blei det lagt 2 tommar tjukke kilar som stavleiet kvilte på. Då var tappen akkurat så vidt inni holet sitt. Meininga var at desse skulle bankes ut litt etter litt mens naustet seig. Det viste seg å stemme bra på vårt naust der vi hadde ca. 2 1/2 meter tømmervegg som skulle sige. Nytt tømmer ville nok ha sige meir. Beitskiene i enden av kinnungane skal og ha kilar. Ingen beitskier skal ha tapp i nerenden.

Vi hadde tenkt å bruke berre to raftstokkar i høgda. Men då dei var på plass og høgda bleikontrollmålt, viste det seg at tre av samhaldarane ville komme til å ligge lågere enn stamnen på fembøringen. Ettersom vi då hadde fått tak i nok tømmer, blei det lagt på eit omfar til, og dette har naustet tjent på i utsjånad. Dei to omfara blei demla fast på vanlig måte og skøytte med not og fjær.

Strekkfiskane
På dette tidspunktet var det at feilen med sylla blei oppdaga. Dei 8 strekkfiskane som no blei sette opp, var av forskjellige slags boks frå gamle bindingsverkshus. Til gjennomgangsbolcar blei det brukt 12 mm gjengstenger og ein del galvaniserte boltar frå televerket.

Først blei det laga 5-6 cm lange sigespor i strekkfiskane. Så blei det haka fast i staven, og så blei det bora hol i øverkant av sigesporet gjennom staven. Gjengestenger er praktiske fordi materialdimensjonane er så ulike. Strekkfiskane har boltar gjennom syllstokkane, to gjennom staven og ein i kvar av dai nedste raftstokkane, seks i alt.

Ved å stramme forsiktig og litt etter litt fekk vi tatt inn det aller meste av utglidninga, og no er alt stødig og godt.

No blei beitskiene sette inn, dei er av god materiale, litt smalere enn tømmerdimensjonen. Stikk dei utafor blir det stygt. Tvert i mot skal vi - når naustet er ferdig og stillasen tatt vekk, - kunne økse ein tanke av veggstokkendene slik at dei får ein skrå kant inn mot beitskia.

Samhaldarne og kattryggen
Når samhaldarane skal opp, er det ein spesiell ting å tenke på: Sett frå sida av naustet skal takat vare høgst på midten (kattrygg). Dette er normalt på alle gamle hus, og gjer mykje for utsjånaden. Vårt naust skulle ha omtrent 4 tommar høgdeforskjell, og dette blei forberedt ved at samhaldarene blei lagt med ulik høgd. Dette er lettaste måten å gjere det på.

Før arbeidet med samhaldarane tok til blei det sett av eitt fastpunkt med kikkert ved kvar stav. Samhaldarane skal ligge rett over stavane, og frå fastpunktet blei høgda til øverkanten av samhaldaren målt. Vi har ingen samhaldar på midten. Det gjorde at dei to på kvar side av midten blei lagt i samme høgde, og dei to neste blei senka 2 1/2 tomme. I tillegg blei det lagt inn ein samhaldar berre ein halv meter frå nerrøstet. Denne er å tørke segl på, og er lagt litt lågare enn dei andre for at det skal kunne legges ei gangbru frå merøstet og fram til luka i nerrøstet, og at det likevel skal kunne drages eit segl over tørkeråa.

Samhaldarene, som var gamle, grå høgspentstolpar, blei lafta ned i øvste raftsokken med hals, slik at vi fekk ei ekstra låsing både innover og utover. Dei stolpane som hadde bue blei lagt med buen opp. Straks samhaldarane var på plass blei det sett skråband frå sylla til midt på samhaldaren for å stive av naustet i sideretninga. Foreløpig hadde vi ikkje dei knea som skulle låse stav og samhaldar. Dei kunne vi likevel ikkje ha sett opp no, fordi veggane måtte få sige først.

Merøstet
Naustet vårt skulle ha eit såkalt me-røst, ein vegg av tømmer som er bygd oppå ein av samhaldarane. Veggen skulle avslutte naustloftet, og ein slik konstruksjon stør bygget godt i sideretninga. For å få denne veggen godt fundamentert og sleppe sig i konstruksjon, blei det bestemt å bolte fast den første stokken til samhaldaren.

Vi hadde ikkje 7 meter langt tømmer, og derfor blei to grove 4 toms saga stokkar haka saman med vanlig hake, men slik at dei hadde eit "møne" på 3 tommar. Så blei dei lagt oppå samhaldaren. Gjennom endane blei det først sett 1 toms gjengestenger, deretter 120 cm inn mot midten, og til slutt ei stong midt gjennom haken. Alt blei skruva fast saman, samhaldaren løfta seg ein tornme på ' midten, og ingen ting har gitt etter til no.

No blei røsta tømra opp, og til slutt merøstet. Alle tre røsta ¿ har luker for lys, og til å ta opp lange ting som mastrer og årer gjennom. Lukene har vanlige beitskier. I luka i øverrøstet har vi sett skjelter, dei andre skal ha luker med gangjern.

Sperrene
Sperrene blei laga på marka etter mal. Fordi dei skulle stå på samhaldarane som no låg i rett høgd, kunne alle sperrene gjerast heilt like. Endane har ei tå, og dessuten ein tapp som går 1 1/2 tomme ned i samhaldaren. Dette - og utsparingane i samhaldarane var målt så nøye at det berre var finpussing som skulle til før det stemte. Dette er viktig, for sperrene er tunge og uhandterlige saker, og vi måtte sleppe for mykje handtering oppe på stillasen.

Sperrene er hogde saman i toppen og er bolta saman med ein bolt og tannskive imellom. Dimensjonane er ca. 8 tommar, og det er stort sett boks som er brukt. Sperrene blei stiva av midlertidig med fjøler.

Åsane
Som kom turen til åsane. Dei er av mange slags material, frå rundtømmer til grov boks, ein halv telefonstolpe, eit par bygningstømmerstokkar. Dimensjonen var 13 cm, den sorten vi hadde liggande mest av.

Troborda vi hadde fått saga av nytt furutømmer var 1 toms ukanta. Med tre åsar på kvar side pluss mønsåsen blir det berre ein knapp meters mellomrom, og dette er svart solid. To åsar på kvar side ville blitt i minste laget.

Åsane er stort sett berre så lange at dei når godt over to sperrer. Tre-fire av lengdene når over tre sperrer. Åsane blei lagt forbi kvarandre slik at dei enten ligg skrått i forhold til retninga på taket, eller - der det høvde slik - med ein nedafor og to ovafor. Dette betyr ikkje så mykje, unntatt for utsjånaden innvendig. Asane blei øksa ned over sperrene slik at dei stemte med dei 13 cm vi skulle ha. Til feste brukte vi mange bidhakar. Før i tida blei det brukt pluggar, men dette er litt tidkrevande, og vi hadde tidsnød høsten 1990. Fleire av åsane fekk klossar til stød på nersida. Den nedste åsen blei lagt først, så mønsåsen, så blei dei andre retta inn etter desse.

Mønsåsen er og sett saman av fleire stokkar - nytt rundtømmer som er sett saman med skråflak og plugg, skøyten er oppå sperrene. Det er for mykje forlangt at alle siktelinjene skal stemme når alle åsane er på plass. Fordi sperrene står i ulik høgd, er det berre mulig å sikte inn åsane oppover og nedover takflata, og ikkje i lengderetninga. Likevel blei resultatet bra då troet var lagt. Raftet har ikkje fått den buen vi ønska oss, men det har i alle fall ikkje sal. Det er bra når vi veit at omtrent alt arbeidet med taket blei gjort med kunstig lys.

Mønsåsen er ikkje spesielt viktig på eit slik sperretak som dette. Spennet mellom sperrene er jo berre 3 meter, og det kviler berre ein meter tak på kvar side. I røsta er alle åsane lafta fast. Dette blei 6g gjort i mørke og med kunstig lys, og blei svzrt tidkrevande. På førehand var røsta skore til med motorsag, det letta arbeidet med denne laftinga.

Kubbing og skaftungar
Over dei 3 raftstokkane blei det no lagt eit omfar med tømmer som skulle fylle ut mellom samhaldarane og fungere som stød for skaftungane (raftsperrene) og troet. Altså ei slags kubbing. Kubbane blei medratt og demla fast på vanlig måte. I det siste hadde vi gått over til å bruke maskinbor, og bore demligshol tvert gjennom overstokken og ned i understokken. Dette går godt an, men det er visse ting å ta hensyn til: Under boringa legg det seg spon mellom stokkane, spona hindrar at stokkane fell godt saman. Derfor må overstokken tas av og medfaret renskes godt før demligen blir sett i. Dessuten er det fare for at det stikk seg inn vatn mellom stokkane, og dette vatnet kan drage seg ned i tverrveden på demligen. Dette vil adri tørke, og demlingen råtnar. Dei øvste raftstokkane ligg likevel såpass godt under takskjegget at vi tok sjansen på at det blei bra nok. Fordelen med dette er at det går svært fort.

Skaftungane blei saga ned i kubbinga, tappa ned i den nedste åsen og spikra fast. Skaftungane er av 2 toms 4. Det ligg to slike mellom kvart sperrerom, altså med en meters mellomrom. dei stikk 30 cm utafor raftet, og dette blir og festet for torvhaldskrokane som blir liggande oppå sperrer og skaftungar.

Skråband og vannbord
No blei det lagt skråband av lange trobord frå mønet og ned mot midten av langveggen. Dei blei felt ned i åsane og skaftungane og spikra.

Frå ytterkanten på takskjegget og inn til raftet la vi tre breidder med kanta trobord. Ellers skal troet "stå" men her ute der det er størst fare for råte, skal ein kunne skifte ut eitt eller to heile bord, og sleppe å kappe hundre bordendar.

Troet
Troet blei spikra med 3 toms spiker (1/3 av spikeren i troet og 2/3 i åsen, det er snekkarregelen). Dei ukanta borda blei øksa grovt til i kanten, slik at det ikkje skulle bli alt for store mellomrom. Før i tida då taka hadde heil nevertekking, blei aldri troborda lagt heilt tett. Dette hadde med lufting av borda å gjere, og blei det lekkasje i nevra ville troet kunne tørke snart igjen om det ikkje låg heilt tett. Når vi prøvde å få dette omtrent tett, var det fordi vi måtte dekke sprekkene med neverremser for å skjule vorieplasten som skulle være underlag for torva.

Torvhald og torvhaldskrokar
Torvhaldskrokane er av einer. Skaftet var saga flatt på undersida, bortimot halve diameteren, og kroken var minst 5/4 tomme tjukk. Dei fleste krokane var 50 cm lange i skaftet. Ofte blir det laga for korte krokar, blir det då for stort press mot torvhaldet av snø og is, kan dei "tippe" framover og riv laus spikeren. Eineren sprekk lett, og det var bora hol for tre spikrar av 5 toms lengde.

Alle krokane blei lagt på eit neverflak og spikra fast. Først blei det valgt ut fine og rettvinkla krokar som blei plasserte slik at alle lengdene med torvhald låg i rett høgd og nøyaktig på linje. Så blei resten av krokane - i alt 32 stk. - stukke under, tilpassa og spikra. Der krokane hadde for stor eller for liten vinkel blei det lagt ein kloss med hakk i slik at torvhaldet fekk to gode støttepunkt.

Torvhaldet er av 2 toms 4. Det burde ha vore grovare dimensjon, for det viste seg at det måtte til ein god del tilpassing ved kvar krok for at det heile skulle ligge stødt. Dessuten blei det for stor høgde mellom troet og torvhaldet, og vi valgte å økse hakk i torvhaldet i staden for å økse i krokane. Torvhaldlengdene blei skøytte med en lask på baksida, og ellers berre lagt ende i ende.

Vorteplast og never
No blei vorteplasten lagt over taket og festa med ikkje alt for mange spiker. Plasten ligg med vortene ned, det gir litt lufting ned mot troet. Plasten vil strakke seg litt, derfor kappa vi han 10 cm frå ufsen. Det er ingen ting i vegen for å legge plasten langs taket, men vi var redde for å få problemer over mønet, og valgte å legge tvers over taket. Plasten vil og komme i jamnvekt på den måten, og det trengs lite spiker. Over plasten blei det strekt ein notpose frå ein oppdrettsmerde. Den burde gi litt bedre feste for torva enn den glatte plasten.

Nevra som skal pynte opp og verne raftborda, ligg med 10 cm overlegg og krøller seg fint rundt takufsen. Det ligg 6g never rundt torvhaldet og over torvhaldkrokane. Bak torvhaldet ligg det ei rast med grov grus eller singel, det skal hindre isdanning og hjelpe til med å holde torvhaldet tørt. Dette er forholdsvis nytt i byggeskikken, og fagfolk advarer mot det fordi det blir is likevel, og nevra tørkar for fort og sprekk. Vi få sjå ka som skjer - vår never er jo mest til pynt likevel.

Vindskier
No blei åsendane utafor røstveggane kappa og vindskiene spikra på. Mønsåsen stikk eit par tommar lengere ut enn raftstokken, slik at taket får ein spiss vinkel sett ovafrå og frå sidene.

Dette er mest på grunn av utsjånaden, men er ein naturlig følge av linjeføringa og kattryggen på mønsåsen. På eit fulltømra hus skal og sjølve veggen halle litt ut. Dette er og på grunn av utsjånaden og gjer at huset ser solid og trygt ut, men det hindrar slagregnet i å bløyte veggen.

Ei slik linjeføring lar seg ikkje bruke i eit skjelterbygg, fordi vi har stavar som må stå i lodd for å fungere. Då vi kappa novene gjorde vi dei likevel ein tomme lengre ved raftet enn ved sylla, og det tar seg bra ut.

Vorteplasten blei bretta opp mot vindskiene. Over dette skulle det ligge never krølla over vindskia. Dessverre viste det seg at nevra blei liggande under plasten, og det kan hende at vatn vil trenge ned her og inn på taket. I alle fall blir det små mengder, og det vil ikkje komme inn i naustet men drype ned utafor veggen.

Torvlegginga
Alt var no klart for torvlegginga. Torva var spadd tidligare på hausten, 10 cm tjukk lyng- og grastorv i maksimum 40 cm firkantar. Vi hadde bra med folk og hadde traktor som løfta opp torvelass til litt over raftet, der sto det folk og langa torva videre til torvleggarane. Det blei lagt berre eitt lag, og med gresset ned. Så solid som torva vår var, gjorde det ingen ting at folk gjekk på torva, det hjelpte berre til med å jamne ut sprekkene.

Skjeltrane
Våren 1991 tok vi til med skjeltrane. Ei stund i førevegen var kilane på stavtoppane fjerna, og naustet seig fort ned dei to tommane som var beregna. I gamle naust er skjeltrane helst halvkløyvingar av bjørk eller furu, men vi hadde som nevnt bra med grove bord, og brukte dei. Sporet for skjeltrane i sylla blei for det meste høgd ut med øks. Det er V-forma og med ytterkanten like lang som i stavleiet.

Skjeltrane skal gå lett og ikkje knipe. Derfor blei hjørnane runda av. Skjeltrane skal heller ikkje botne i sporet, altså får dei ei liten flat kant i nerenden, og kviler på sidene av sporet. Dette er på grunn av dreneringa. Derfor blei det og bora hol frå botnen i sporet og ut av sylla slik at vatn kan renne ut den vegen. Dette med snø og vatn er vel den største ulernpen med skjelter-konstruksjonen. Naustet vårt er så høgt at slagregnet går rett ned i skjeltersporet på ei av sidene av naustet, uansett kva kant vinden kjem frå. For å hindre råte må derfor heile syllstokken fylles med tran eller anna godt impregneringsmiddel.
Skjeltrane er merka innvendig med romertall, frå den lågaste enden av naustet og nedover mot fjæra, eit tallsett for kvart "rom". Dette er heilt nødvendig når skjeltrane av ein eller anna grunn skal inn eller ut.

Kne
Knea blei laga av bjørk frå ei bratt li med godt snøsig. Leggen er over to meter lang på alle, og rota er frå 70 til 120 crn. Bjørkene blei felte tidlig på sommaren og fekk tørke med lauvet på i to måneder, så blei leggen kappa og slindbarka. Etter eit par nye veker var dei høvelig tørre for å ry til.

Det blei først hogd til ei flate på leggen, den er tynnast og har minst gå på. Ved hjelp av ein stor vinkel av fjøler blei rota hogd flat og i vinkel, og etterpå sylt ut for å passe under dei runde samhaldarane. Knea er festa med ein bolt gjennom stav, strekkfisk og legg, ein gjennom første raftstokken (stavleiet) og ein opp i samhaldaren. Under merøstet, der vi ikkje kom til med mutrar og stoppskiver, er det sett inn to pluggar, 5/4 tomme tjukke. Dei er åretta i botnen og i ytterenden.

Med dette var alle dei berande konstruksjonane ferdige hausten 1991.

Ei provisorisk ordning
Naustet har ikkje heil syllstokk i nerrøstet. Det er ikkje praktisk å sette ein fembøring over ein grov syllstokk, og det er heilt vanlig med berre litt ekstra lengde på den nedste kinnungen. For seint kom vi på at hjørnet måtte ha ei avstiving for å ikkje sige ut eller inn. Det vi skulle ha gjort var å lafte fast eit skråband heilt i førstinga.

For å få til denne avstivinga blei det lagt ein 3 toms x 4 plank over hjørnet. Den har vinkelrette endar som blei nøyaktig tappa inn i syllstokkane og bolta fast gjennom veggane. Så blei det lagt lister langs syllstokkene, og oppå dette eit solid trekanta golv av grove bord. Her kan vi sette forskjellige ting. På verharde stader blei dette golvet lasta ned med stein for å gi naustet ekstra vekt.

Dørene
Materialene til dørbladet er 1 toms ukanta bord som blei kanta rned gjerdesag, og slik har ujamn breidde i endane. Døråpninga er ikkje verken heilt i vinkel eller i lodd, derfor blei dørene bygde fast i åpninga og delte etterpå. Dørene går inn under eit spor i overliggaren over åpninga, innafor beitskiene og utanpå planken som ligg på høgkant mellom syllstokkendane.

Borda til dørbladet blei sortert etter breidda, og bygginga tok til frå beitskiene, slik blei det jamn veksling mellom breie og smale bord, dei ligg altså "anføttes". Det er ikkje til å unngå at det blir eit ekstra smalt bord på kvar side av midten. Desse borda må ikkje ligge heilt ut mot midten, men plasserast to eller tre bordbreidder inn på døra. Midten på døra var merka av på førehand, og inn til dette merket blei det sett to breie bord. Dei smale borda blei felte inn heilt til slutt.

Før okane på innsida blei festa, måtte det vare klart kor gangjerna skulle stå. Utvendig gjer denne plasseringa mykje for utsjånaden, og vi hadde fått laga lange gangjern med kløyvd og utsvinga ytterendar. Dei blei prøvefesta til det såg bra ut, og plasseringa blei merka av innvendig - gangjerna skal stå midt i okane. Okane er spikra rned 2 stk. 4 tomsspiker for kvart bord.

Okane er av 1 1/2 toms x 8. Vi hadde kjøpt lengder etter dørmålet, den øvste og den nedste oken må være heil ved denne byggemåten. Snebanda blei laga etter mal, og er tappa opp i og ned i okane. Merkinga for denne tappinga må gjerast med det ferdige snebandet., slik at det blir heilt rett, og slik at snebanciet rnå bankes inn på plass. Ytste enden på oken - inn mot midten oppe og ut mot beitskia nede - fekk ein god spiker som ekstra styrking. Litt ovafor midten på døra ligg det og ein oke, denne stiver av dørbladet og er festet for det midtre gangjernet. Midtoken er i to delar og blei laga av kapp i same dimensjon som dei andre.

Så blei gangjerna sette på. Dei er spikra fast gjennom oken med 5 toms båtspiker som er nøkte på innsida. Spikrane har store hau, og dette tar seg pent ut frå utsida. Sjølsagt blei dei lange gangjerna vatra opp, og plassert slik at gjennomgangsboltane kom godt inn på tømmeret i kinnungane. Kvar dør veier rundt 100 kilo, og må ha godt feste. Teknikken for å hindre sig i døra på grunn av slark i gangjerna er å bende den nedre delen av bolten inn mot døra før han blir festa.

Våre gangjernboltar har gjennomgangsbolt i underkanten, denne går gjennom den samme jernplata som fungerer som stoppskive for hovedbolten. Det øvre gangjernet blei plassert først. Så blir det brukt loddsnor for å få plassert det nedste. Til slutt blei snora ført gjennom holet i det midtre gangjernet, slik at alle tre er nøyaktig på linje og i lodd.

 

Bommen
Vi fann det praktisk å bruke loddrett bom for å låse dørene innvendig, denne blei berre vel 3 rneter lang, mens ein liggande bom ville ha blitt bortimot 5 meter. Bommen er plassert ein tomme frå ytterkanten av høgre dør, sett innafrå. I øverenden er det sett ein jerntein av 5/8 toms dimensjon (fransk treskrue som er skrudd inn og kappa). Denne går opp i eit hol i overliggaren, og der er det i tillegg tappa inn eit styrespor for bommen som er ca. 4 toms x 5. Så blei det tegna av og tappa eit fotfeste for bommen i planken under døra. I dette sporet kviler bommen. I tillegg blei det sett på ein kloss under bomfoten, slik at heile bommen har støtte i underkanten.

I okane blei det no sett inn krokar som går ned i kramper i bommen, 6 i alt. Heilt til slutt blei øvre og nedre oke saga av med skråflate, slik at venstre dør går utanpå høgre, sett innafrå. Den høgre døra står mest perrnanent fast, og har bommen på "si" side.

Og så kunne dørene åpnes for første gong.

Dørene har fått eit ekstra "motslag" ved beitskiene. Mens dørene var låste fast, blei det lagt eit ekstra bord utanpå beitskia, med utsparing for okane. Bordet gir motslag for det første dørbordet, og tettar igjen sprekka som alltid blir litt for stor akkurat her. Hadde vi brukt grovare beitskier, ville vi ha tatt ut spor for døra i sjølve beitskia. Slik vi har gjort det er det mest å kalle for klampverk sjøl om det er gjort fint arbeid. Beitskia er ein del av naustet, og bortsett frå taktroet skal eit slik naust kunne føres opp heilt uten spiker.

Døra i øverrøstet er laga etter samme prinsipp, men med litt andre ting å ta hensyn til. Døra er sett på innsida, det gir eit godt inntrykk av veggtjukna, og er eit positivt elemet i bygninga. Naustet er så romslig innvendig at det er god plass for i innsvingande dør. Forøvrig er det ei trapp innvendig som tar bort plassen likevel. I mindre naust bør ein tenke på å la døra gå ut for å spare plass innvendig.

I denne døra måtte okane sitte på innsida. For å sleppe for mykje utforing for gangjernboltane blei gangjerna tappa inn i okane, og ligg mellom okane og dørbladet. Dette blei og gjort fordi dei gangjerna vi hadde ikkje var særlig pene å sjå til, og det var ingen grunn til å vise dei fram. Likevel måtte det ei utforing til, det er eit bord, like tjukt som dørbladet, spikra over kinnungendane og så langt ut på beitskia at døra går inntil. Gjennom bordet blei holet for gangjernboltane bora og tappa.

Låsesystemet på denne døra er gammaldags klinke og ein god gamal dørlås med nøkkel i tillegg. Ettersom døra ligg innvendig, måtte staven som døra ligg an mot, få lagt på ein kloss som utforing for klinkehaken og for rigelbeslaget. Dersom dimensjonane på tømmeret, staven og beitskiene hadde vore grovare, ville vi ha felt inn heile døra slik at ho låg jamt med innsida av veggen. Då ville vi ha unngått all kunstig utforing.

Avslutningsarbeid og impregnering
Det vi må få gjort straks det blir høve til det, er å skifte ut delar av syllmuren med større og flatere stein. Slik det er no er steinane for små og runde, og gir ikkje godt stød for sylla.. Dersom sylla sig ujamnt, vil det bli gliper mellom stokkane her og der, og sjøl om det berre er snakk om ein millimeter, vil vatn kunne dra seg inn.

Det er meininga å smøre heile bygget med ei blanding av tran og tjare. Tran er svært god impregnering som stort sett er billig og lett å arbeide med. Tjara blir vel mest for fargen og hygga, den er for dyr til å bruke i større mengder, og det var ikkje vanlig å tjarebre naust. Smøringa må skje i den tørre tida av våren når stokkane er så tørre som mulig. Ligg det vatn i stokkane, vil det bli stengt inne av trana, og gjere skade innvendig i stokken.

Og så får vi tru at naustet står i hundre år eller så, og tar godt vare på fembøringen "Salarøy", som og skal kunne vare i hundre år med godt stell.

Artikkelforfatteren i arbeid på stornaustet, sommeren 1991.
Torva legges på Stornaustet, høsten 1991

 

"Salarøy" settes inn i naustet for første gang, høsten 1991