Categories
Arctandrias skrifter

Skikk og uskikk i fjæra

Fra Arctandrias Skrifter nr. 11, 2003 av Leidulf Olsrud:
Det er uhorvelig lenge sia vi tok til å bygge naust her i landet. Nausta må ha komme med den første faste bosettinga, altså då folk begynte å dyrke jord.

I den tida - for 3-4000 år sia, brukte vi skinnbåtar, og dei måtte stelles pent med. Sola ødelegg dei, regnvatn vaskar ut garvestoff og smurning, vinden kan hive dei bortover marka og ungane ødelegg ting som står på fri mark.

Eit naust til ein skinnbåt på 4 meter treng ikkje å være stort. 2 x 5 meter - og særlig mykje og omfangsrikt fiskeutstyr hadde dei vel ikkje heller.

Byggematerial fann dei rundt gården, og dei viktigaste materiala var bjørkenever og torv, staur og ris. Alle byggverk her nord må kunne tåle en meter snø. Det er ikkje dei store dimensjonane som skal til i reisverket når vi brukar rundstokkar og sjølgrodde emne. Her er den nausttypen som kan ha vore i bruk i eit par tusen år.

Ei slik bygning set ikkje særlig store spor etter seg, og ettersom landet har heva seg inntil 20 eter etter den tida, så er nausttufta frå bondesteinalderen pløydd over eller blitt borte på andre vis.

Etter at trebåten kom - litt meir enn 2000 år sia - "jernalderen" - hadde vi jernøks og fleire slags jernredskap, og då blei det utvikla nausttypar som vi fremdeles har restar etter.

Restane etter dessa nausta ligg sjelden meir enn eit par meter over dagens flomål, og ofte kan vi sjå tuftene etter dei i direkte forlengelse av dagens - eller gårdagens åttrings- og fembøringsnaust. Korleis er dei så konstruerte - dei nausta vi har vore vant til å sjå i heile vårt liv? Det er ein viss variasjon, og her har vi dei mest vanlige:

  • Grindnaust med skjelter eller bord-kledning.
  • Skjelternaust med tømra knutar.
  • Reisverk med bølgeblekktak.

Fra venstre:
Grindnaust (stavnaust) med slett kledning
Skjelternaust med tømra knuter.
Skjeltra grindnaust (stavnaust) med tømra røst

Vi skal ikkje gå så nøye inn på dei nøyaktige byggemåtane. Det er emne for et langt foredrag i seg sjøl. Men nokken hovedpunkt er viktige for det eg kjem inn på sia.

Syllstokken følger terrenget. Båtstamnen bestemmer rafthøgda. Takvinkelen er 27-33 grader - torvtakvinkelen, litt brattare for bølgeblekket. Breidda er inntil 5 meter.

Denne nausttypen har grodd fast både i det nordnorske landskapet og i oss. Vi veit nesten av instinkt at naustet er så langt som det treng å være og så høgt og breitt som det treng å være. Takvinkelen er den rette for vårt klima, for vår vindstyrke og for det tekkematerialet vi har brukt sia stein-alderen. Fargane - vergrått, engelsk-rødt eller oker er naturfargar, og vi legg ikkje merke til dei i det heile tatt.

Det er liten vits i å innby til diskusjon om stygt og pent i denna samanhengen. Nausta er funksjonelle, dei kan stå i hundre år eller så med litt vedlikehold, og dei er dei best tenkelige for bevaring av trebåtar.

Det første som skjedde av modernisering var bølgeblekket. Bølgeblekk er eit veldig godt materiale til denslags. Og dei som passa på å slå på ei brei vindskie og eit godt vassbord, dei hadde ikkje gjort nokka galt i det heile tatt. Vi visste at å legge eit nytt torvtak var eit stort arbeid som måtte gjeres opp igjen om 30 år og vi visste at bølgeblekket ville vare minst dobbelt så lenge. Naustet var blitt funksjonelt igjen, og bølgeblekket har på sett og vis grodd fast i oss og i landskapet.

Bølgeblekket har faktisk ført med seg ein ny byggestil. Nausta kan bygges av forholdsvis små dimensjonar og kles med smale bord. Takvinkelen er brattare, og det blir bedre plass oppå naustloftet. Denna stilen har vi hatt i 70 - 80 år.

Litt kamuflasje
Vi har vent oss til at når vi bygg eit firkanta hus, så skal i alle fall hjørnestavane være like høge. Og det er greitt nok i eit hus som skal ha golv, men ikkje like greitt i eit naust som ikkje skal ha golv. Naustsylla skal - sett utafrå - følge terrenget, og alt anna er galt her hos oss.

Det finns likevel ein måte å gjere dette på slik at vi kan støype ein mur med vannrett krone og likevel få naustet til å ligge godt i terrenget. Det er berre å legge syllstokken - lina - godt ut, og kanskje støype inn eit spikerslag ekstra, så kan bordkledninga skjule den delen av muren som ikkje hører heime i eit nordnorsk landskap.

Men så har det skjedd eitt eller anna som eg trur har direkte sammenheng med hytte- og fritidskulturen. Inntil for 30 år sia skulle man ha hytta i fjellet eller i skogen. Der bodde romantikken, og fjellvatnet og skogsusen og ørreten var den store drømmen for byfolket i Troms som ellers i landet.

I dag skal alle hytter ligge attmed havet. Vi har vedlikeholdsfri plastbåt og fiskeutstyr som kan fylle fryseboksen for lange tider. Men naust må man ha, og så tar kreativiteten fullstendig overhand, og valsar ned alt som har med stil og tradisjon og landskapshensyn å gjere.

Det er heilt andre ting som har grodd fast i byfolket - betong og armeringsjern, strekk-metall og forskalingsplattar, utsiktsvindu og glassfibertak. Eller man bygg naust som om man skal sette opp ein skjå i bakgården i byen, og det at man har eit landskap og ei bygdebefolkning rundt seg, det har man rett og slett ikkje tenkt på.

Denne historielause trenden - for å bruke det stygge ordet han fortjener - er ikkje lengre særeigen for hyttefolk. Når sønn eller datter på gården får seg tomt heime og bygg seg hus, så er ikkje bestefaren sitt gammelnaust godt nok. Man vil ha nokka nytt og stort, og så har man det gåande.

Her er nokken eksempel på det man kan få seg til å klabbe på plass i fjæra si. Dette er den kulturen som eg vil kalle for "å få tak i kulturen". Alle kjenner ein anleggssjef eller entreprenør eller ansatt i kraft-forsyninga, og desse nøkkelpersonane har ingen ting imot å la kjenningar overta overskuddsmateriell.

I Danmark sto det ein gong ein heilt spesiell minnestein. Vi er jo vant til at det blir reist minnesteinar over folk som har gjort seg fordelaktig bemerka på eitt eller anna vis. Men denne steinen er reist over ein som hadde gjort det motsatte. På steinen står det:
"Forræderen Corfitz Ulfeldt til evig Spot, Skam og Skiendsel".

Det samme kan man godt skrive om desse uforskamma bygg-verka. Det vil sei - dei treng sjølsagt ingen spesiell inskripsjon - dei fortell alt som er å fortelle heilt åleine.

Så er det dette med å få båten ut og inn. Har man ein stor båt, så er det om å gjere at man har gode naboar og ein aldri så liten settardram på lur. Men dei som ikkje har det, kan finne på mange gruelige ting for å være sjølhjelpne. Skinnegang på svære rammer av kreosot-impregnerte lys-stolpar, hundre tonn betongplatting i støa og anna rart for den som har ei vogn å sette båten på.

Og så nærmar vi oss eit fenomen som ser ut til å være like smittsomt som spanskesjuka. Vi kan ikkje lengre gå ombord i båten i ei vanlig stø - støvlane og fritidsbåtan er heller ikkje laga for det. Men dei som har ubegrensa adgang til jernskrammel og byggeavfall frå anleggsverksemd, ødelagt autovern, betongrestar og anna djevelskap, dei kan finne på nokka slikt som det her. Til evig skam og skjensel. Og så er den fjæra ødelagt for minst to generasjonar så langt vi kan sjå i begge retninger.

Er du gårdbrukar eller gårdeiar og har latt deg overtale til å selge ei hyttetomt, så er du sjølsagt interessert i å ha eit godt forhold til hytteeigaren. Men vær endelig klar over at når hytta er ferdigbygd, så er det så langt ifrå hytteigaren sin drøm å sette seg godt til rette i gyngestolen og høre på titingen.

For då er det utbyggingsdjevelen slår til for alvor, og så vil han ha nausttomt, og til nausttomta hører alle desse uhyrlige landskapsdreparane som eg har vore inne på. Vi har ikkje mot til å sei nei og stopp og over mitt råtne lik, og frekkheita er nærmast ubegrensa når det gjeld å ta seg til rette.

Til slutt i denna sørgelige oppregninga vil eg ta med enno eit smittsomt motelune, og det er villmarkspanelet. Dette er en vestlandsk byggeskikk, og han er laga for regnvåte vårar og somrar og haustar og vintrar. Her hos oss har han liten og ingen hensikt, derfor har det heller aldri vore brukt liggande kledning på nokka som helst av uthus i Nord-Norge, og berre det skulle være grunn nok til å totalforby han uansett.

Denna byggemåten må beskrives meir nøye. Saka er at nesten uten unntak blir vestlandskledninga lagt galt på veggen, og alle dei tekniske og tretekniska fordelane blir kasta bort.

Eit furubord har ei rettside og ei rangside. Margsida er rettsida, og den skal snu opp og ut på alt man bygg, enten det er en kommode eller et hus. Her er ein stokk, og her har vi saga ukanta bord av stokken - villmarkspanel.

 

Malmveden er dau ved, full av harpiks, den varar veldig lenge og råtnar ikkje. Yteveden er levande ved uten harpiks, han råtnar. Blir fjøla lagt i veggen på rett måte - med margsida ut - renn regnvatnet nedover malmveden, kjem til drypnesen, dryp ned på malmveden på neste bord og så vidare. Yteveden i dryp-nesen er såpass tynn at han tørkar straks det blir oppholdsver, og før råtesoppen har funne fram.

Her er fjøla snudd galt, slik det nesten alltid blir gjort her. Drypnesen erborte, vatnet renn langs heile bordet på den sida der det ikkje er synlig malme, fortsetter ned på neste bord og så vidare. Men litt av vatnet stikk seg under sprekka mellom borda og inn på neste bord der det heller ikkje er malme, sprekka trutnar igjen og vatnet blir låst fast såpass lenge at råtesoppen får tid til å kose seg i yteveden.

O g så ein anna ting: Fjøla slår seg - ut ifrå margen. Er fjøla lagt rett - med margsida ut, så vil alle fjølene slå seg slik at dei klemmer seg fast til nabofjøla. Dermed blir sprekka tetta og slagregnet og trekken kjem ikkje inn. Og motsatt blir sjølsagt motsatt, veggen åpnar seg og trekk, og slagregn kjem inn

Vi gjer denne feilen av to grunnar:
1. Vi trur vi sparar ein masse material med å snu fjøla med breisida inn. Fjøla dekker eit større areal.
2. Vi syns at denne kronglete og lite pene og lite varige ytekanten er "pen" og villmarksaktig å sjå på.

V illmarkspanel er misforstått romantikk og ikkje nokka anna. Billig er det heller ikkje, for alle sagbrukseigarane har oppdaga markedet, og legg dugelig på prisen. Villmarkspanelet er utrulig billig å produsere, man slepp å kante borda, og man slepp å plages med ein masse ekstra sagflis og en masse vankant som ikkje kan brukes til nokka anna enn dårlig brensel.
Er det mulig å berge restane av kysten sitt kulturlandskap uten å ty til rein vold? Er det mulig å få fortalt 1400 gårdeiara og strandeigarar berre i Tromsø kommune at dei må prøve å berge landskapet sitt? Er det mulig å lære hytteeigarar og tomteeigarar og svigersønnar kva som er tradisjonelt og rett og høvelig byggeskikk på bygda? Nei, det er ikkje mulig. Det einaste mulige er ei absolutt og beinhard handtering av bygningsloven, og eit bygningsråd som har oppfatta kva for ein landsdel dei er i. Dei må være interesserte i fagområdet sitt, og dei må kunne sette foten ned i flomålet på landsbygda like bastant som på ein veranda i bysentrum.

Og er det nokken som våga seg til å bygge nokka som dei ikkje har fått lov til, og som ikkje stemmer med vettige landskaphensyn og lokal byggeskikk, så må det ikkje være snakk om tilgivelse. Riv det ned og la døgnmulkta være høg. Ikkje kom og fortell at vi ikkje treng byggemelding for hus under 35 kvadratmeter. Det tilsvarer eit bra stort naust, og vi kan gjere uhorvelig mykje galt med 20 kvadratmeter, særlig i fjæra.

Ikkje godta at lengda på bølgeblekkplata skal bestemme takvinkelen. Ikkje godta gjenbruk av husmorvindu i naustet. Ikkje godta veranda og fyllingsdør og grønnmaling og beis og blonder på vindskiene. Naustet er for båtar og skal ikkje være anneks til hytta. Vil vi overnatte på naustloftet så er det greitt, men då skal vi gjere det på gammelmåten og uten vindu og veranda.

Stygt og pent i byggestil har litt med tradisjon å gjere, litt med landskap og litt med det praktiske og funksjonelle. La oss vise fjæra den respekten ho fortjener, slik at neste generasjon òg kan ha nokka pent å sjå på.