Søkkenot

Fra Arctandrias Skrifter nr.9. Skrevet og illustrert av Leidulf Olsrud.
Ivar Olsrud er fødd i 1915 og vaks opp på Lundenes på Grytøya. Han var 15 år då han var på seinot for første gang. Denne beretninga er skreven ca. 1990.

Søkkenota var i bruk til omkring siste krig. Det var særlig til seifiske den blei brukt, men den blei og brukt etter torsk, på Finnmarka og i Lofoten. Nota var eit nærmast firkanta garn, skotten på to parter 26 kgs snøre. Målene var omtrent slik: Dei to langtelnene var 24 famner, straumtelna 18 famner og unnastraumtelna 22 famner. Hjørnene kaltes "øyra", og der var ei lykkja som kaltes "øyreknuten". Der var det festa opphalartau som kaltes "arma". Arma var to-delt og laga av "snerling", eller av "banklina".

Å skyte ei slik not var eit vanskelig arbeid som berre få kunne. Det måtte gjerast slik at nota oppførte seg rett i sjøen, låg rett på grunnen og skar ordentlig opp når ein drog opp. Alt dette måtte til dersom ein kunne vente å få fisk. At dette var eit viktig arbeid, går tydelig fram av at Hans Arnesen, Lundenes (Hans-onkel) skaut 109 nøter frå fjern og nær. Eg minnes at Nils Jensa Bjørnå skaut si eiga not, og dette var det prata om.

Nøtene måtte stelles ordentlig om dei skulle vare. Dei blei barka i bjørkebark, og under fiske måtte dei tørkes med jamne mellomrom Dette blei gjort ved at dei blei lagt utover marka i tørrver. Til nød kunne den bli hengt opp i fleire bukter i riggen på skøytene. Når nøtene låg utover marka passa ein alltid på å bøte hol i dem

Det var også mindre nøter som blei brukt på heimehavet etter småseien. Dei var og mindre "på band". Eg kan nemne at der i Grytøy Bygdetun er ei slik not. Det var oldefar til pappa (Oskar Olsen) som fekk laga denne nota. Han fekk råhamp frå Bergen, som blei spunnen og botten her. Den har ikkje vore med i noko skifte, og omtrent alle på Lundenes eidde den, til den blei gitt til bygdeiunet. Den var så bra at eg var med og brukte den på heimehavet.

Seinotfisket gjekk omtrent alltid føre seg på "grunner", slik at nota kunne legge seg på grunnen. Seien heldt seg gjerne på grunnene, og var ofte "oppe". Når ein såg at den var oppe inne på nota, så var det å drage opp så fort ein klarte det. Ein kunne og ta den "på løyn" - dvs at ein ikkje såg noko til seien, men ein kunne kjenne at seien "gjekk mot armane" eller ganske enkelt at notbasen prøvde å gjette, eller kjente det på seg at nu var det tid å drage.

Til eit seinotlag måtte det være fire båter med tre mann i kvar båt, og så eit "moderskip" - ei skøyte med ein mann. Eg var på vår- og sommarnot i åra 1930, 1931 og 1932 med Dannel Jansa (Daniel Johansen) sitt notlag. Skøyta vi hadde var "Nor", T 14 TS, eigar Peder Angell, og båtane var dorryer. Fisket var på Andenes og delvis Steine. På Andenes var det oftast slik at vi gjekk først til vestraste grunnen som heitte Skolten, derifrå til Nordhavet med fleire grunner, og sist til Skallen lengst mot aust. Dette var for at det høvde slik med straumen. Kvar seigrunn måtte ha si spesielle straumretning. Skolten og Skallen var nokså konsentrerte grunner, mens det i Nordhavet var plass til fleire nøter.

Då eg var på seinot, var der eit notbruk som brukte nordlandsbåter. Det var Nils Jensa frå Bjørnå. Dei hadde Ole Eriksen til slepebåtførar med ein kvit motoråttring, Dei bodde i bu på land. Også andre som hadde små "moderskib", holdt til i buer.

Eg sjippa meg på not fordi eg hadde svært løst, og så var jo nesten alle med der. Herifrå var opptil sju nøter, og med 13 mann på kvar not blei dette 91 mann. Eg tenkte mindre på pengene. Det blei heller ikkje så mykje av dem. I 1930 fekk vi 64 kroner, i 1931 36 kroner og i 1932 100 kroner. Vi fekk 5 og 5½ pre kiloen, og 7 øre for noko vi kalla for Russe-sei. Det var storsei som vi skar opp etter ryggen, og den blei salta og selt til Russland.

Vi måtte levere seien råskjært, og året før - 1929 - måtte dei delvis henge den for samme prisen. Når vi fekk 100 kroner i 1932, kom det av at vi hengte en god del sei heime og selte den som tørrsei.

Fyrste året eg var med skulle eg "hanse", etter ordre frå pappa. Eg bad då mannskapet på kafé (hos fru Skogvoll), men fire-fem av dei eldste blei ikkje med, for dei syntes det var sløsing med pengene. Så vidt eg minnes kosta det meg fem kroner.

Tungt arbeid
Når vi gjekk heimana, hadde vi alle fire dorryene på dekk, og nota i ein av dei. Det var alltid vanskeligst å sette nota første gongen, då den jo låg i ein dunge. Ein festa armene i øyrene, og så var det å ro på spreng i alle fire himmelretninger for å få strekt ut nota best mulig. Det sei seg sjølv at dei som var i straumbåtene, måtte ro mykie hardere enn dei i unnastraumbåtene. (Eg var alltid i straumbåtene).

Dersom ein fekk sei i kastet, blei den håva inn i straumbåtene. Var det meir enn dei bar, måtte ein då håve i dei andre båtene. Nota blei som vanlig drien inn i unnastraumbåtene. Skøyta kom så til. Dersom ein hadde sei, blei ein båt lagt på kvar sida av skøyta, og fisken blei kasta ombord. Ein brukte fiskepik, dvs ca. 1 meter langt treskaft med ein krum jernpigg. Var ein heldig, kunne ein få opptil tre seia på i slengen. Dette var jo dårlig handtering av i fisken.

Så var det slepe fram og ordne seg til nytt kast. Var det bomkast kunne ein ha nota i alle fire båtene under slepet, det var då snarere å få ut nota igjen.

Var det lite straum, hendte det at vi måtte ro fram til nytt kast. Dette var noko som hong igjen frå den tida då ein alltid rodde. Dette var svært upopulært blant oss i straumbåtene.

Var det dårlig fiske, kunne det bli mange "kast". Ei natt gjorde vi 23 kast. Ole Øverland som eg var på båtlag med, skar eit hakk i tofta for kvert kast, og slik heldt vi rekneskap med kasta.

Når det var sei å få, blei det lite soving. Ein gong var eg ikkje i køya frå søndagsmorran til onsdag kveld. Eg minnest at eg var så trøytt at det var umulig å holde auan oppe, men eg rodde og var "bevisst" likevel. Vi kunne legge oss på åran når skøyta gjekk fram, og somna med ein gong, og sov kanskje fem minutt.

Når vi kom på land, heiste vi opp seien i "strokktynner" med ei gammeldags "vinna". Det var ei innretning med eit vinnehjul, festa til ein ås, og dette blei drien med handmakt. Dei to første åra selte vi til ein som heitte Rabben. Tredje året var han gått "konk", og då selte vi til Skotnes. Han hadde montert elektrisk heis, og det var jo eit stort framsteg. Vi plukka då seien i kasser som tok 200 kg.

Så var det å ta til å. sløye, veie, skylle og rkskjære. Det var ofte varmt i veret, og den siste seien i dungen var berre gorr. Det var berre å sope den på havet i lag med det andre avfallet. Ungene var ofte og tok vare på seihauan som dei tredde opp, tørka og selte som guano.

Når vi hengte seien heime, råskjærte vi den, la den i kasser eller binger i rommet, og slik kunne vi ha med oss to - tre "sjyver" dersom det ikkje var alt for varmt i veret.

Når det lei fram på sommaren, blei "makken" ei stor plaga. Makkefloga la egg i massevis, men var ein heldig og det var god tørk, utvikla ikkje egga seg, unntatt i den delen som låg inn mot råa. Og då måtte ein gå over og fjerne denne makken før skaden blei for stor. Der var prøvd med fleire "råder" mot makken. En apotekar på Andenes laga ei blanding som blei kalt "apotekarsø", blei og brukt solarolje, men den blei jo snart forbudt, som rimelig kan være. Midt på sommaren som blei kalt "makketida" kunne ein ikkje henge sei. Sei som var delvis ødelagt av makk blei kalt "Afrikavare".

Forhold om bord
Skøyta "Nor" var bygd som seilskøyte ca. 1910, var 48 fot lang og hadde Colin Archer skrog. Lugaren kan ikkje ha vore meir enn 14 fot lang, og der skulle det bo ni mnnn. Under babord baugkøy er den einaste einmnnskøya, ho var så smal at det omtrent ikkje var botn i henne, og ho blei kalt "knivkassen". I kahytten bak bodde det fire mann.

Byssa er til å ta av, og blei berre brukt pk seinotfiske. P5 Lofoten og Finnmarka var det rorbuer, slik at det ikkje var bruk for bysse om seimølje til middag kvar einaste dag unntatt søndag. Middagen blei inntatt på romluka. 30-åra er jo berømt for dei fine og tørre somrene. Etter dager med landligge eller ingen fangst var det tillatt å hente seg boknasei på hjellene. Tørrmat hadde kvar mann med. Ellers blei det kjøpt inn visse ting "på laget", blant anna havregryn til den nesten obligatoriske haversuppa etter middagen. Han Ivar som ikkje tålte synet av haversuppe, hadde med ein dall med surmelk kvart år. Den blei han erta for, men det tålte han bedre enn haversuppe.

"NOR" var ei staselig skøyte, men tida gjekk frå henne som fiskebåt. Då ho blei hogd opp ein gong i slutten av 50-åra hadde ikkje interessen for restaurering av seilskøyter vakna enno, ellers kunne det ha blitt eit flott lystfartøy.

Når det kunne delta så mange som 91 mann "herifrå" - Grytøya minus gårdene Grøtavær, Alvestad og Dale - så kjem det av at det i praksis ikkje var aldersgrense på dette fisket anna enn konfirmasjonsalderen og reine alderdomsplager. Det var plass for alle som kunne "bære ei år", og på Dannel Jansabruket ver det tre generasjoner, den yngste 15 og den eldste 75 år. Det var den eldste generasjonen som blei sett på unnastraumbåtane, der var roinga lettest, som det går fram av fortellinga.

Fisket kunne berre drives i vindstille. Men det kunne godt være tungsjø, slik at dei frå doryen berre såg mastertoppen på skøyta "frå godset og opp" når dei låg i an-dalen, det skulle tilsvare sju-åtte meter høg dønning.

Tegningane av lugaren, byssa og ordninga på dekk er laga av Leidulf etter Ivar sitt minne. Lugaren er tegna litt meir langstrakt enn han virkelig var.