Gangspell

Hausten 1994 blei fembøringen "Salarøy"sett opp med handmakt for første gong. Toogtredve mann og fem liter seltran, ti liter grøt, ei sjokoladekake og ein trønder til å synge, så gjekk det nokså greitt. Men som vanleg var det problem med å få tak i folk, sjøl om oppsettinga var på ein onsdag midt i veka. Dette vil alltid være risikofaktoren - kjem det nok folk, eller må vi la båten flø av igjen og prøve neste dag?

Å bruke vinsj eller traktor sparer folk, men betyr meir rop og skrik, fare for å knuse eitt eller anna, og ikkje minst: mindre sosial effekt av oppsettardagen.
Han Sverre Slettmo har gitt denne beskrivelsen av eit gangspell som både er enkelt å lage og som gir stor kraft.

Slike spell høver best når det skal drages opp ein båt som står på slede, men med ei godt lunna stø har det vore brukt til store nordlandsbåtar og. Forutsetninga er at vi kan stole på kjørholet, eller lagar "bakgreie" på båten. Til hjørnestolpane bør vi bruke impregnert material - gjerne lys - eller telefonstolpar. Ein meter skal stå nede i marka i gode steinsko og kvile på steinheller. Kabben skal være rotstokk av holteforra, sei han Sverre. Helst skal kabben ha stor rotutsvelling, slik at vi har material å lage tappen av, og det samtidig blir ei bra flate som kabben kan kvile på. Kabben på tegninga er 30 - 35 cm i tverrmål over tappen, 20 cm i toppen og totalt 1,4 meter lang.

Han Sverre har ingen bestemte mål på konstruksjonen, unntatt at spakane skal være i brysthøgd. Då høver det med ei grind der stolpane når 1 - 1,2 meter over marka. Ellers kan vi bruke gammelt bygningstømmer med 10 x 15 cm tverrsnitt, bolta saman med gjengestenger. Bjelkane som lagerbankane kviler på, er tappa litt inn i stolpane, og på oversiktstegninga er dei festa med bindhakar. Dette kan vi gjere meir solid, kanskje med smidde jernband og gjennomgangsboltar. Kor mykje sneband vi skal bruke i grinda må vi sjå litt på, men det er nok tryggast å planlegge det heilt frå først av
Lagerbankane er felt litt ned i bjelkane. Dersom vi syns kabben skal tas i hus om vinteren, kan vi ordne det slik at den bakerste av øverbankane fungerer som lås.


Lauparen er av vaier, og til store båtar kan det skjæres inn ei blokk eller fleire. Skal det tas ekstra tunge tak, kan pålane stages av frå toppen og bakover. Skal konstruksjonen være ekstra forseggjort, bør bjelkar og bankar fases litt i øverkanten, pålane kan kolles i

 

To mann skal det til for å holde ein åttring bein, og 4-6 mann til ein fembøring, men eit slikt spell bør vi prøve å få til på Stakken. Det vil sikkert spare mannskap, og det vil i alle fall spare stress for den som skal kalle inn mannskapet.øverenden, og kabben kan få ei jernskoning om toppen. Dei delane som treng smøring, får litt levergrakse som dessuten er god impregnering. Vi skal ikkje gje oss ut på å regne ut den nøyaktige effekten av spellet, men med 1,5 meters arm på spaken (bjørkestaur) og ein mann med 40 kilos kraft får vi ca. 400 kilos drag i vaieren.

Stoppmekanismen som erantyda på tegninga, kan diskuteres. Ein form for stopp bør der være, og dette er ei fjøl av hardved som står i spenn mot hakk i kabben.

Fra ARCTANDRIAS SKRIFTER nr. 8 fra 1995, skrevet og illustrert av Leidulf Olsrud: