Steinvor og grindvor

Fra Arctandrias Skrifter nr. 10, skrevet av Leidulf Olsrud.
Den finaste voren heime var Johan Heide, poståpnaren sin. Den blei bygd i den tida då han blei poståpnar, og var visstnok tenkt som landgang for ei ekspedisjonskai der lokalbåtane kunne legge til. Utbygginga av hamna med molo og mudring og andre kaier gjorde det overflødig med eit slikt anlegg, og berre steinvoren blei fullført Det ville i alle fall ha blitt ei minst tredve meter lang trekai ut mot morbakkan. I dag når voren akkurat til største langfredagsfjæra.

Dette solide og vakre byggverket med innsida murt av lyse feltspatblokker, fin steintrapp på midten og rausmur mot søraustavindsbåra, bygd av to mann med stubbebrytar, blei likevel eit fint miljø for oss ungan. Her blei det fiska store mengder grøndill, spisskrabbe, skjelkrabbe og fessompa med bjørnetråd, l-øres kjøongål og kokkelurmat. Namna skal eg ikkje oversette.

Johan Heide sin vor på Grytøya

Ordet "vor" - gammelnorsk "vor" - uttales "vorr" i sørfylket og oftast "vårr" her nordafor, kjem vel av "vern" eller "å vare", og voren skal verne båten og støa mot skavvelen i fjæra.Dei steinane som blirlagt til side når støa blir rydda, kan vi ikkje kalle ein vor. Desse er berre høvelige å trø på når vi skal ut og inn av småbåten. Blir det lagt storstein til rette i botnen og eit par raster til med stein slik at høgda blir bortimot ein meter, då har vi fått ein vor.

Dei ferste vorane
Dei høge, fint murte steinvorane som er så karakteristiske for kystlandskapet i Nord-Norge, har ikkje særlig lang tradisjon. Dei har litt med utviklinga av båttypane å gjere, og faktisk og litt med utviklinga av jordbruket. Då nordlandsbåtane - åttringen og fembøringen - var små og låge, fram til rundt 1850, blei det sette på land etter kvart sjyver. Fortøyningsutstyret var sjelden slik at ein kunne stole på det, og så måtte det jo ein småbåt til for å komme om bord og på land.
Måten å holde seg tørr på føtene på var langstøvlane. Dei nådde lnngt opp på låret og var festa med stropp i beltet. Slike støvlar var lange nok til at ein kunne gå rett ut av ein fembøring som "Drauen" i fjæra.

Så blei båtane større og stakk djupare, og sjøl langstøvlane blei for korte Løysinga var steinvoren og jollen. No var det nok med røysertar, og dei var i bruk i bortimot hundre år.

Litt forenkla vil eg då ha det til at steinvoren er laga for den siste generasjonen av åttring og fembøring, og altså rundt hundreogtredve år.

Frå innmark til fjæra
No biei det bruk for all steinen frå rydningsarbeidet på innmarkene. Dette tok seg godt opp i denne perioden, utskifting av gårdsbruka var gjennomført, og alle kunne fulldyrke si eiga jord.

Steinen blei brukt i grøfter og steingjerder langs innmarkskjellet, til gjerde mot havet og til steinvor. På Grytøya er dette svært typisk - og på gårdsbruk der det aldri var større båt enn ein toromskjeks, er der stemvorar som er seks-sju meter breie, femten meter lange og minst ein halv meter høgare enn høgste flomålet.

Å få ein steinvor til å stå med minst mulig vedlikehald er ein kunst. Dei eldste gårdane - dcr bruksnummer 1 er i dag, ligg for det meste ved gode landingsplassar. På den felles sjøgrunnen med naustgruppene er det knapt bruk for anna enn ein vanlig landingsvor. men der voren ska1 verne støa effeklivt mot båra, må det andre konstruksjonar til.

På Mjelde på Kvaløya har fleire vorar flataktige steinar reist på kant i fronten
Steinane kiler kvarandre fast. og litt matematisk samanligning mellom flattliggande og kantstilte steinar vil vise at det skal mange gongar så stort vasstrykk til for å løfte den kantstilte steinen.

Pä Grøtavær har dei klart å lage både steingjerder og steinvor av nesten kulerund stein - sjøl veit korleis dei fekk det til, men voren står no der.

Der voren ligg i eit "stråkland" i eit sund eller ein fjord der båra kjem mest langs landet og frå eine sida, er det vanlig med rausmur mot veret og murt innside Slik blir bårekrafta tatt imot gradvis, og om ein og anna rausmurstem kjem ut av lage, så treng vi ikkje å renne til med reparasjon straks.

Grindvor på Stakken
Og så var det vi i "Arctandria" som fekk overta ei tomt med stort sett småstein i fjæra og lite høve til jorddyrking. Her står havet rett på, og å legge opp en vor av slik stein, ville ha ført til eit evig arbeid med rydding i støa. Så blei det planlagt ein gnindvor, og den burde helst vere ferdig når "Salarøy" skulle i naustet.

Grindvoren har ikkje lang tradisjon her. Det trengs minst eit vinterbrensel av stokk og staur, konstruksjonen må boltes i hop. og så mykje bolt ville ha kosta ein normal lofotllott i 30-åra.

Det blei kjøpt 10 kubikkmeter ospetømmer i tre-meterslengder og alle dimensjonar. Ospa har godt ord på seg som kaipålar, lunnar og anna som skal stä i saltvatn. No strides dei lærde om dette, men vi får no sjå kor lenge stakkenvoren står før pelmakken tar han Ospa er i alle fall lett å arheide med - lett i vekt, lett å økse og bore i og lett å kløyve der vi ikkje har bruk for rundtømmer.

Hovedprinsippet for planlegginga:
Høgda: Voren skulle ikkje stenge passasjen forbi tomta ovafor flomålet.
Lengda: Fembøringen skulle kunne flyte inn og ligge langs voren i heile si lengd på normal flo
Breidda. To mann skulle kunne passere kvarandre trygt oppe på voren.

Voren er bygd med 2, 5 meters stavgolv og er knapt 2,5 meter brei At han skrår litt i forhold til strandlinja kjem av ei samling med svære stemar i den nerste delen. Dei måtte bygges inn i voren.

Bygginga var einmannsarbeid, verktøyet var øks og buesag, spett og brekkjern, navar,(seinare maskinbor) løftesaks, bindhakar, baufil og to skrunøklar. Pålane står berre ein
fot ned i botnen og skrår innover med eit par grader. Dei er frå 20 til 25 cm tjukke. Det blei sett opp to stav-golv i gongen. Liggarane er halvkløyvingar, og gjennomgangarane er dei tynnaste rundstokkane.
Stokkane er hogd litt saman med øks det gir voren ein lettarc. men samtidig kompakt karakter. samtidig som konstruksjonen blir stødigare

Evig saltimpregnering
Boltane er gjengestenger av billig type. Store mengder med mutrar og firkantskivcr går det med Boltane blir kappa med baufil etter at mutrane er stramma Kappendane som det skal ny mutter inn på, må raspes litt mot em stein; det tar flisene slik at mutra kan ta gjengar. Utvcndig mot støa er boltendane hogd litt inn i pålen for å unngå skade på båten

Det er lett å holde høgda på voren horisontal. Det er alltid ein honsont å sikte etter. og i breidda kan vi bruke rei og water. Pålane blir ikkje kappa i rett lengd før etter at konstruksjonen er ferdig. Sett igjen ein og anna lengre ende som fortøyningspåle.

Voren er heilt overflødd ved nesten alle springflør, og er saltimpregnert heile tida.

Liggarane langs sidene må legges så tett at "småstein" held seg pä plass. Det blei tenkt på ä reise staur tett i tett innafor liggarane, men det ville ha blitt eit veldig arbeid: pent ville det vel heller ikkje ha blitt med den materalen vi hadde tilgang til.

Glipet mellom liggerane må ikkje være sterre enn at vi har stor stein nok til å legge i framkantcn. Det er penast når flataktig stein får ligge.
Den flate side av halvkløyvingane vendcr inn i voren, rotendane vender ned mot havet, og eventuell bue i stokkane har ryggen opp Til å holde f'ast stokkane under arbeidet kan vi bruke bindhakar (har lett for å forsvinne) eller tvinger (har lett for å ruste) Bindhake er lettvint og held godt mens vi borar bolthol.

I førstninga var steinfyllinga lett gjort. Voren var låg, han var lagt langs steindungen frå ryddinga av støa, og problemet var stort sett å få rydda plass til grinda. Halve vorlengda var ferdig før det blei nødvendig å bære stein.

Lunnar og kulturlandskapsmidlar
Shk voren står no i L999 er han ikkjc ferdig. Han skal ha to stavgnlv til, då kan ein småbåt ligge for dragtau med fcste f'remst på voren. Båra bryt stein ned i støa av og til. Dette må vi regne med - det er betalinga for ä ha ein vor som skal høve når femborineen skal losses og lastes.

Det er lagt ut lunnar for fembøringen med 2,5 meters avstand. Dei er stukke inn i vorcn eller haka fast i pålane, og festa med doble pålar i ytterenden. Det blei brukt for lite tid til dette, og fleire lunnar har løsna gjennom åra.

Dersom du har lite med høvelig fyllstein i fjæra, sä ta likevel ikkje meir frå fjræra enn høgst nødvendig. Det er snart gjort å ødelegge fjæra og få uventa sandbankar opp i støa. Inne i voren kan du bruke all slags stein som kan hentast både her og der, men den synlige steinen bør være av fjærestein og i alle fall ikkje skotensiein.

Den som har eit gårdsbruk i drift og ein forfallen steinvor, kan få tilskot av *kultur-landskapsmidlar for a sette han i stand. Det er positvt at offentlige midlar kan brukes til slikt, og det har fleire gode sider enn herre det at vi får ein brukbar vor. Det meste av arbeidet med ein grindvor må gjeres med handmakt - handtverkene tømring og muring blir halde ved like, og i eit velstelt kulturlanåskap er det tnvelig å bo.

*"Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap" - dette er ein del av jordbruksavtalen.