Stell av nordlandsbåtens skrog og rigg (fra 1988)

Fra Arctandrias Skrifter nr. 2, 1988 av Helge N. Nilssen:

Stell av båt og seil
Det har i dei sista åra vore ei stadig stigande interesse for å ta vare på og bruke gamle bruksbåtar. Motiva bak denne interessen kan være så forskjellige, men dersom dette kan føre til at gamle handtverk, bruk av tradisjonell material og behandlinga av desse kan bli teke vare på, er det svært bra.

Det viktigaste sett fra mi side er likevel at vi på denne måten får hanke inn restane av den teknologi og dei kunnskapar som århundrers erfaring har lagt grunnen for. Mykje av dette er alt gått tapt, og ein god del av desse erfaringane er moderne vitenskap nøydt til å "oppdage" på nytt. Ein har ikkje klart å ta med seg eldgamal lærdom inn i vår tid.

Men nok om det, Eg vil her skrive litt om stell og vedlikehold av nordlandsbåt, og skal prøve å konsentrere meg om det. Men ha dette klart: Det eg skriv er ikkje det einaste rette. Eg kan berre levere vidare ein del av erfaringane til nokre få av dei menneske som har levd opp med nordlandsbåten som bruksbåt. Mange andre har hatt og har andre erfaringar og andre råd å gje.

Stell av båten
Behandlinga av treverket i ein båt kjem som regel over oss om våren. Det finnes i dag ein rekke nye "vidunderprodukt" som er beregna på båtar. Men for å sitere bestefar min: "Tjæra ho en no kommen av treet, og e dæ som høve treet best". Et godt brå (båtsmorning) som har helde båtar i live i over hundre år er dette: Bland linolje og tjære ca. halvt om halvt. Blandinga kan du variere. Ha det opp i ei gryte, tenn bål i fjæra, kok opp og smør på båten medan brået er varmt. Varm det opp fleire gonger. Bruk dette brået overalt der det ikkje skal være maling. Bruk det og på styre, mast, rå osv. På rundholt kan du bruke ei lysare blanding, eller erstatte tjæra med trekkfastolje. Trakkfastolje kan og brukast i staden for tjære for å få eit brå som tørkar betre. Og med den tjæra ein får kjøpt idag, er trekkfastolje ofte det beste.

Dersom du vil ha eit lysare brå, brukar du desto meir linolje i blandinga. Før brukte mange rein tjære. Eg hugsar fleire kolsvarte båtar. Det var ikkje råte i dei. Eg har skrapa tjære av båtbord som var over hundre år gamal, og funne gult, lysande treverk under.
Under vatnlinja og under pliktane brukte mange steinkoltjære . Dersom du lar båten ligge ute i farvatn med mykje makk, bør du bruke koparstoff under. Då må saumen få eit lag mønje først for ikkje å avgå med ein for tidlig daude. Dersom du bruker steinkoltjære først, har du ikkje det problemet. Vær svært nøye med å bre skikkelig bak i lottet. Her vert det alltid ståande vatn når båten står på land, og då ofte ferskvatn. Lottet bak er som regel den plassen vi finn råten først.

Farging på ripa.
Nordlandsbåten er av turistar og av mange likesinna beundra for sine mange fine fargar. Det er vel heller tvilsomt om brukaren av nordlandsbåten i den tida han hadde ei naturleg og daglegdags tilknytning her, hadde tid og råd til oppfrisking av fargene kvart år. Vi finn mange eksemplar på overmaling med andre fargar.

Mange har brukt mykje tid, trykksverte og pengar på å dokumentere dei fargemønstra som vi finn, alt etter kor båten er laga eller brukt. Det beste rådet eg vil gje er: Bruk eit skarpt redskap, og skrap deg med større vardsemd inn til det opprinnelege fargemønsteret. Prøv om mogleg å få med deg heile flak av tidlegare maling. Du vil få problem med å finne rett farge i eit malingskart. Men ein god del fargehandlarer har no

utstyr som kan blande deg den farga du ønsker. Men dersom du ikkje aktar å la ein datamaskin hjelpe deg med dette, så bruk forskjellige slags brekkmiddel til du finn rette farga. Prøv ho på ei fjøl, og la ho tørke før du seier deg endelig ferdig. Og skriv for all del opp kva du gjorde for å få fram mesterverket.

Reparasjonar på skroget
Tre er eit levande materiale. Alt etter opprinnelig kvalitet og behandling vil dette påverkast av ytre forhold. I dag ser vi med otte på ein sprekk i eit bord. Det gjorde dei ikkje før. Dei sette på ein tein. "Ein tein, han gjør bære båten sterkar", var svaret eg ein gong fikk. Eg gjør det til mitt svar. Dersom sprekka er lita, gjør vi ingen ting med ho. Ho vil som regel trutne når båten kjem på havet. Ikkje prøv å drive all slags rart inn i ho. Det kan i verste fall gjøre at ho vert lengre og større. Dersom sprekka er så lita at ho vil trutne av seg sjøl, og ikkje vil føre til svekking av skroget, skal du ikkje gjøre noko med ho. Dersom du finn ein del småsprekkar i huda, bør du derfor ikkje bre båten før du har fått trutna han på havet ein dag eller to. Dersom du brer ein båt som er svært tørr, kan du risikere å bre han lekk.

Det som då skjer, er at du hindrar treet å ta opp vatn slik at det trutnar, og resultatet vert ein båt som aldri vert tett. Før var det svært vanleg å trutna båten på havet før han vart bredd. Dei visste nok kva dei gjorde.

Ein lettvint måte å tette mindre sprekker på er å fylle dei med grønnsåpe eller smør. Begge delar er tilrådeleg, og verken smør eller grønnsåpe er til skade for treet, tvert om. Dette vil bli pressa ut etter kvart som båten trutnar. Idag er det mange som fyller slike sprekker med moderne silikon-preparat. Dei tettar godt, men vil hindre tilførsel av fuktigheit inne i sprekka slik at den trutnar godt.

Dersom sprekka er av ein slik art at den ikkje vil trutne eller fører med seg svekking av skroget, må vi til med ein tein. Bruk ein skikkeleg tretein. Ikkje klatt med sink eller blyplater festa med små stift. Teinen bør helst leggast på innersida av båten. Då kan han leggast slik at han syns minst mogleg. Teinen lagar du av tørr gran (el.furu) som høvles ned til han er tynnare enn huda. Ta strie og fyll han med tjære. Legg først strien på, sett teinen på plass, bor hol og klink. Legg gjerne teinen inntil ei su, det tar seg betre ut.

Saum
Saumen i seg sjøl er ikkje evigvarande. Ein rusta saum er eit svakt punkt i båten din, og kan føre til lekkasje. Gå over gamal saum. Fil av klinkinga og ta han ut. Legg strietråd eller drev-garn under hau og ro når du klinkar inn ny saum. Klink ikkje for hardt på tørt skrog.

Innvednaglar
Innvednaglar råtnar. Ein innvednagle som går, vil føre med seg stor lekkasje, som er svært vanskeleg å tette dersom du er på havet. Skift ut naglane dersom du har mistanke om råte. Bruk feit furu og godt med tjære.

Behandling og reparasjon av rigg og segl
Segl til nordlandsbåtar er av bomull og tauverket er av hamp. Begge materiala er ikkje evigvarande, og det må vi ta omsyn til. Beste måten å impregnere segl og tauverk på er barking. Sjølsagt kan det vere andre metodar idag, men det ser ikkje ut til at det finns noko som kan erstatte barking med det første. Eit segl skal ikkje henge på båten i all slags ver. Det vanlege var å ta heile riggen med seg inn i naustet. Mange syns nok at båten deira ser finare ut når han ligg med riggen oppe. På større båtar er dette sjølsagt nødvendig. Men dersom ikkje segla er større enn at vi klarar med dei, er det ein god regel å ta dei på land og henge dei opp til tørk. Det som er verst for eit segl, er å ligge ombord som regnver-samlar. Ferskvatn er dårleg sort for segl. Seglar vi så hardt at vi får saltvatn på seglet, skal vi ikkje vere så redd for det, men vi må likevel få tørka seglet så snart veret tillet det. Prøv å brette segla slik at dei ikke samlar opp regnvatn, og surr dei ikkje for stramt isaman. Dette vil hindre luftsirkulasjon.

Barking
Få tak i tørka bjørkebark. Dersom du hentar han sjøl, så ta han om våren, bryt han litt opp, og legg til tørk på ein luftig plass. La ikkje regnet komma til, det vaskar ut borken.
Til ei tønne går det med to bøtter bork og eit halvt kilo soda. La blandinga stå og godgjere seg. Rør rundt av og til. Når blandinga ser ut til å ha løyst seg opp i vatnet, legg vi segl og tauverk nedi. Rør rundt for å få ut luftlommer og jamn barking. Ta opp segla etter eit døgn og se etter at du får jamn barking. Segla kan no godt vaskas litt (bruk gjerne sjøvatn) før du legg dei ned igjen. Vær varsam med å la dei ligge for lenge i barken. Etter to døgn skulle arbeidet vere ferdig. No kan du skylle segla i havet, og hange dei til tørk. Det same gjeld for tauverk. Ved barking vil du sjeldan få jamn farge over heile seglet. Dersom du ikkje er nøgd, så legg segla i bark litt seinare på somaren. La blandinga stå når du er ferdig. Det finnst alltid noko som skal barkast seinare. Stag og vant er normalt tjæretau. Desse skal ikkje barkast. Vær merksom på at tauet endrar lengde alt etter ver og temperatur. La ikkje ein rigg stå oppstramma over lengre tid. Det har hendt at ein rigg stramma så mykje at det har ført til skade på skroget.

Reparasjon av segl
Eit segl treng og vadlikehald. For det meste går det på barking kvart år, men det hender og at liket revnar frå duken eller at vi får hol eller rifter i seglet. Dette må takast etter kvart, ellers vil ei vindkule eller hardt ver gje deg ei overrasking. Til oppliking av segl brukar du seglnål og seglgarn. Seglgarnet er av hamp. Ta seglgarn med tre kordelar, og bruk det dobbelt. Seglgarnet skal være tjæra når vi bruker det til liking (skyting) av segl.
Til rifter og hol kan vi istadenfor seglgarn bruke bomulls-tråd. Denne bør vere barka, eller innsett med tynn tjære. Ein enkel måte å tjære seglgarn på, er å vikle han rundt ei fjøl, og så bruke tjærekosten på han. Her kan vi bruke trekkfastolje istaden for tjære. Den er tynnare, og trekker seg lettare inn i garnet. Nøst opp garnet etterpå, og legg til tørk. Tjæra seglgarn har vi alltid bruk for, m.a. til bendsling av tau. 

Eit anna problem som kan melde seg, er at liktauet vert slakt med tida. Dette vil gje oss eit flatt segl, og vi vil segla dårlegare. Det går sjølsagt å skifte liktau, men det er eit stort arbeid. Ein enklare metode som ser ut til å vere brukt, er det "å trøkke sammen liket". Det gjør vi slik: Ta eit tynnare tau, ca. tredje- el. fjerdedelen så tjukt som liktauet. Tre dette tauet inn gjennom andre- el. tredjekvar kordel på liktauet. På denne måten tvingar vi liktauet til ein større omkrets, og dermed får det kortare lengde. Metoden er prøvd med utmerket resultat. Hugs berre på at dette må berre gjøres der du vil ha sekk i seglet, ellers vil du i verste fall få noko som liknar på halvfabrikata til ein ballong.

Tilslutt
La oss ro oss i land. Ein artikkel om reparasjon og vedlikehald av nordlandsbåten må bli ein springande artikkel. Nordlandsbåten og riggen på den er eit resultat av fleire århundrers erfaringer og utprøvningar. Vedlikehaldet av den femnar og om så mange forskjellige arbeidsrutinar og område at den vil kunne fylle ei heil bok. Eg hadde ikkje tenkt å skrive ei bok om emnet. Eg ville neppe klart det heller. Det skal noko til å samle århundrers erfaring og innsikt.

Men eg kan godt tenke meg å avslutte med nokre generelle merknader. La meg då først få lov å snakke om barlast. Her er det synda mykje, og mange har god grunn til å vere glad for at dei er komen til lands igjen. Vær ikke redd for å ta inn barlast, og barlasta skal være stein. Bruk rund stein, så trillar han ut dersom båten kantrar, og du får eit kvelv å klamre deg til. Eg har høyrt om folk som har montert jernkjøl på nordlandsbåten. Det er ikkje berre blasfemi mot ein nordlandsbåt, men farleg. Jernkjølen vert ikkje så lett å kvitte seg med dersom du kantrar. I tillegg vil han gjere båten for stiv i sjøen. Innvendig barlast gjer at båten vert mjukare i sjøen, og det er ei av dei gode sidene ved nordlandsbåten.

Barlasta skal ligge i steinrommet, altså like bak masta. På ein båt med snesegl må du legge barlast bak attertofta og, då sneseglet pressar båten ned fremme under segling. Bruk gjerne litt tid på barlasta. Flytt på nokre steinar, og se kva som hender. Ein snesagl-båt som ikkje vil stagvende vert kanskje greiare å ha med å gjere dersom du flyttar nokre steinar fra bakrommet til steinrommet. Når det gjeld kor mykje barlast du skal ta ombord, er det vanskeleg å sitte her ved ein skrivemaskin å gje svar på det. Det beste er kanhende å sitere eit gamalt ordtak: "Barlasta, - ho e ingen fut, - før den kan du hiva ut". Vi kan og fortelle om mannen og kona som skulle ro over fjorden. Det var lite vind, og dei måtte ro. Båten var litt tungrodd med barlast i, og kona villa dei skulle hive ut barlasta. Til slutt fikk ho viljen sin. Halvvegs over kom det vind. Då var det mannen snudde seg framover til kona og så: "Ja, - no kan du hente barlasta igjen".

På ein treroring vert det for mykje å fylle midtrommet med stein, men på større båtar må du gjere det, og meir til. Dei gamle rekna aldri folk, bruk og last med som barlast. Det skal ikkje vi heller gjere.

Tilslutt: Ta vare på nordlandsbåten. Han er resultatet av slit og utprøving i fleire århundre. Det krev mykje av deg. Mang ein nordlandsbåt er dregen ut av naust medan den nye eigaren hadde lyseraude draumar i bakhauet. Mange båtar har slik gått ein uverdig skjebne i møte. Men dersom vi kan ta vare på slike båtar, lære dei å kjenne og bruke dei rett, gjer vi det rette. "Dersom Vårherre ville at menneska skulle bygge glassfiberbåtar, hadde han sikkert let det vekse glassfiber og", skal visstnok ein inngrodd trebåtfanatiker ha sagt. Eg tar ikkje påstanden opp til vurdering, men mange burde sikkert ha fått seg ain glassfiberbåt istaden. Men det viktigaste er at vi prøver å ta vare på kulturen bak nordlandsbåten, og ikke berre hange oss opp i draumen vi skapte oss den gongen vi kjøpte det prospektkortet med ein nordlandsbåt med segl oppe i vindstilla, med midnattsola og Nordkapp i bakgrunnen.