Veteranen
Publisert opprinnelig i Arctandrias Skrifter #1 (1987)
Skribent: Leidulf Olsrud
Ved århundreskiftet blei han bygd - likkjekjeksen hans farfar. Ein bindaling av aller minste slaget, snaue femten fot lang, og der alt var gjort for å gjere han så lettrodd som råd var segle gjorde ein ikkje på så små båtar likevel. Han farfar var i tredveårsalderen då han kjøpte kjeksen det var eit reint tilfelle og det gjekk slik til
Ein forretningsmann i Harstad hadde kjøpt båten ny, mest som leketøy for ungane. Ein dag var han farfar på bytur og kom roanes forbi akkurat då tjenestejenta og ei horg med ungar la ut med nybåten. Uvante som dei var med den vesle båten heldt dei straks på å trille han, sjyen valt inn over ripa og det blei mykje oppstyr. Båteigaren sto i fjæra og forsto såpass at dette var farlig, og etter ein liten prat med grytværingen blei handelen avgjort - han farfar rodde heim i ein spiller ny bindaling til ca. 20 kroner. Det var i 1905.
Han farfar hadde rodd fiske i mange år, vore med på åttring, fembøring og seglskøyte. Han hadde nok sett at båten var eit funn for den som skulle ro heimefiske åleine - han var enno barnlaus og måtte tenke litt framover. Båten skulle settes opp og ut, roes i vind og båra, berges i land i pålandsvind og kunne ligge for røkkedregg av og til, og det var ikkje alltid at kjerringa var for handa og til å rope på etter båthjelp.
Denne båttypen har nemlig litt av dei samme eigenskapene som ein eskimokajakk - livsfarlig for den som ikkje kan, men trygg for den som kan fordi det er kroppsvekta og årane som balanserer båten. og så var bindalingen ferdig som harstadværing og var blitt grytværing, og tok fatt på ein utrulig lang arbeidsdag. Han farfar var mest gårdbrukar ut gjennom tjue- og tredveåra, men var gjerne med ei av skøytene til Andenes, Steine og Holmenvær. Kjeksen ble brukt til å sette heimeline på, og til juksafiske på dei mange seigrunnane i Vågsfjorden. Ei stund etter
at Store Kjeøy Fyrlampe blei bygd midt i tjueåra tok han farfar på seg jobben som lyktepassar, og no var det godt å ha ein lettrodd og lettsett båt. Lykta ligg på eit forblåst nes der alle vindar tar, og lykta måtte sjåes etter ein gong i veka uansett vind og vér. Båten måtte kunne brynnes oppover koppmollfjæra i eit einaste tak før neste båra vrei han på tverra og fyllte han. T 1918 tok han ein tre års glunt til oppfostring og fekk etter kvart litt hjelp til båtsettinga. Det var likevel ingen grunn: til å skaffe seg ny og større båt. Kjeksen var bergelig for to, og med ein til å andøve blei heimefiske meir effektivt.
Båten blei skrapa og tjærebreidd ein og anna gong, under vasslinja utvendig og botnborda innvendig. Innvendig var det aldri snakk om skraping, og etter som åra gjekk blei suene meir og meir fyllt av tjærelaga. Glansen gjekk av dei olja overvassbora utvendig, men så fekk dei et par strøk gulmaling og båten blei kjennelig på langt hold.”
I alt var det sju fargar på bindalingen - fjellsterk tran- og linoljemaling - eit puskarbeid å halde ved like, men så blei
Og resultatet til å sjå på.
Fosterglunten vaks til og fekk lyst til å segle litt, og no blei det sydd snesegl - av kveitemelsekkar rett nok, men godt brukelige ikkje større seglinga det var.
Tollgangane ble utslitne og utskifta, stamnen fekk ein skade og blei reparert, spantane fekk messingbøter mot støvlegnaget, ein Og anna saum blei skifta, ein småting her og ein der måtte forNyast. Men båten var like god som før og runda femtiårsdagen i fin form.
Før storkveita blei borte frå fjordane var kveitevad eit lokkande fiske for spesialistane. Det hendte eit par gongar at sjølve Storkveita hong på, men då blei likkjekjeksen for spe, og kveita måtte krøkes, slåes i hel og båssroes til lands. Hundre kilo rasande kveite ville slått tofter og bete til pinneved, og kanskje slått ut eit bord eller to. Ein slik transport la folk på land merke til, og da blei det folksamt i støa.
Lyktepassinga heldt fram, men etter tredve år blei det sett inn 14 dagars oljetank i lykta, og båten fekk meir rolige dagar i vintertida. Men blei han først tatt ut, så blei det tunge tak. Rekved var ein viktig del av vinterbrenslet på gården. Særlig var det på Kjeøya at den blei henta, og ofte var kjeksen så nedlasta at berre ripa var oppe. Det røynte nok på båten - særlig når ti toms boksendar skulle stuves ombord.
Og somrane var travle nok. Ein ny generasjon småglunta var komne til, og kjeksen ble lånt rett som det var, til leik, skjelstikking og dorging. Sidan blei det meir alvor i leiken, og mange fine fiskefangstar blei ført på land.
Båten var nok av det moderne slaget den gongen ved århundreskiftet, med skarp vinkel i framlotet, og med bein stamn. Han har liten spring og verkar litt flat på sjøen. Skjermane har gjort han litt kantete å sjå til frå ymse vinklar, men for oss var det båten over alle båtar, og vi rodde forbi alle som bydde på kapproing.
Først i femtiåra kom båt nummer to på gården - ein tre rors hardangerbåt som hadde stått i naust i førti år og forøvrig var ein god del eldre enn bindalingen. '"Storspissa" hadde vore lettbåt på ei jakt, og var så stødig at smågluntan kunne danse på ripene og slost litt ombord uten at det gjorde nokka. Denne blei no fiskebåten i mange år, men det skulle tre mann til for å få fart på gamla, og ho var for tung til å sette opp, og låg for fastfortøyning på ein lun stad.
Kjeksen blei tatt ut om somrane og pynta opp på vika. Han var stadig løktebåten og blei faren pent med etter kvart som det gjekk opp for oss at det var ein antikvitet vi rodde rundt i. Vi bar han gjerne inn i naustet for ikkje å slite for mykje på kjølen og botnborda når fjæresanden hadde dekt lunnane. Eit lite regnestykke med utgangspunkt i at lyktepassinga utgjer halvparten av bruken - kjem ut med at kjeksen har blitt rodd 20 000 kilometer, sett inn og ut 3000 gongar og har ført på land 30 - 40 000 kilo fisk. Eit godt livsverk for ein bindalskjeks.
Han har sett dei siste fembøringane og storåttringane, høyrt den første dunken av Dan og Alfa-motorane, og opplevd heile omlegginga til motor og moderne fiskereiskap. Han såg luftskipet og flyet, bilen og traktoren, slagskipet og bombeflyet og det hylande kampflyet fra nittenåttifem, han såg hydrofoilen og vestamaranen og oljeriggen som skulle til Tromsøflaket. Og han har sett den bølgen av nostalgi og respekt for gamaltida som har gjort at han ikkje lengre er åleine nordlandsbåt på havet.
Mange båtar har det vore på gården i dei siste førti åra - sjark og ein spissbåt til, sjekte og speilbåt, og ei toromsspisse som med brynn og påhengsmotor blei den nye løktebåten. Ein halvtredjeroms bindaling har Ög fått plass i nynaustet, og det er lite du ser til gammelkjeksen i dag. —
Men han lever! I gammelnaustet frå oldefar Ol-Mekkal si tid står han medan åra går - vintrane er lange - men vel kan det hende at han er glad for at andre har tatt over løkteturane i snykov og nordaustavindsglefster.
Går du inn i det mørke naustet der børnskap og reiskap frå attenhundra fyller veggar og krér, skin enno stasfargane fram, gult og blått og rødt og brunt. Alt er på plass, klart til bruk, og han ventar på sommaren.
Og når sommarsola skin over Vågsfjorden og sjøfuglen held alo på skjæret - då ror fjerde generasjon rundt på vika i likkjekjeksen hans farfar. Dei prøver det jordslåtte seglet frå 30åra og tar ein rask rospurt for å finne ut om han verkelig er så lettrodd som det blir fortalt. Tett og fin er han som han alltid har vore, og den skvetten med auster som lek inn om nugla, blir tørka godt opp etterpå.
Og så blir han sett i naustet igjen - til så lenge. Sola skin og seivøene går gjennom sundet, men etter åtti års tjeneste er det det godt for ein gamal slitar å få kvile.