AS2: Smålineagn

Smålineagn

Publisert opprinnelig i Arctandrias Skrifter #2 (1988)

Skribent: Leidulf Olsrud

Hamna på Lundenes i Harstad kommune er ei kunstig hamn. Ho er skjerma av ein 250 meter lang, velbygå gråsteinmolo med murt innside og med brystvern mot havet av kantstilte storsteinar. Krona er avretta med betong og kan trafikerast med bil ut til den nye allmenningskaia ytst ved enden. Moloen som blei bygd i 1930-åra, går i ein bue frå Lundenesneset parallelt med hoved-strandlinja og stenger av eit område på 40 - 50 dekar havflate ved f10 sjø. Ein tredjedel av dette området blei mudra opp ved utbygginga av hamna. Det mudra området går parallelt med moloen og inn til det gamle kai- og naustområdet innst i hamna. Det blir således igjen ei urørt strandlinje på ca. 500 meter ved flo sjø og ei utleire på 15 - 20 dekar ved stivfjære.

Ettersom busetnaden på Lundenes er svært gamal, kan ein regne med at denne "leira" (Lujnnes-leira - Lujnnes-sa'jn) har blitt utnytta i agnforsyninga i mange hundre år. Når området blir kalt "leira" er det nærmast eit stadnamn. Botnen er finkorna skjellsand og kvarts, og skikkelig blåleire finn ein berre øvst i flomålet.

At landet har stige - og framleis stig - har betydd lite for landskapet og fjæra sin karakter. Lendet held fram ovafor flomålet med same stigning som det som no er overflødd, og etter vikingetid har det neppe vore meir enn 1 - 1,5 meters landheving her.

Fiske med line tok til på 1600-tallet, og sjøl om dette fisket lenge var forbudt på Lofot- og Finnmarkhavet, var nok

lina i bruk til heimefiske. Til slikt fiske høver fjæreagnet godt, då det er lett å få tak i, og ikkje treng å kunne lagrast særlig lenge.

Dei agnsortane som fannst var: Agnskjél (ku-skjel), fjæremakk, tangsprell, storsil og småsil. Meir tilfeldig kunne det sige inn småseiflak som let seg fange til wvad-agn, og i dei siste åra sild. Akkaren går sjeldan inn på hamna, og fannst ikkje i den tida eg no skal fortelle om - 1945 til 1960.

Til vanlig forsynte Lujnnesleira folk med alt av agn, - i alt kunne det være 5-6 mann som henta agn her. Dei kallane som dreiv med småline i 40 - og 50-åra var Ingebrigt Johnsen, fødd 1857, Arthur Midtlid og Oskar Olsen, fødd 1881 og 1878. Frå ca. 1951 -52 var Knut Heide, Asbjørn og Leidulf Olsen eit eige fiskelag, og utnytta agnfjæra, særlig om våren, rettleidd av han Oskar og han Arthur.

Agnskjela.

Denne blei sanka på mange vis, det mest vanlige var å "stikke". Skjélplog eller skrape var ikkje brukt i mi tid. Det hadde vore prøvd, men det blei sagt at sanden var for fin og at plogen blei for tung å drage.

Skjélstikking frå båt. For å få dette til, må visse ytre tilhøve være til stades. Det må ikkje være båra - litt gråe kan det være, men båten må ikkje rugge for sterkt. Sjødrag gjer at skjéla ikkje gapar godt, på grunn av sandkvervlane langs botnen.

Sjøen må ikkje være meir enn halvflødd, ellers blir det for djupt til at ein kan arbeide effektivt. Meir enn 2 - 2,5 meters vatn gjer stikkinga sein og utrivelig. Det må ikkje være for kaldt i veret, for skjélstikking er i seg sjøl eit nokså stillesittande arbeid. Skjéla må "gape" - ho må ha åpne ande- og næringsrøret slik at ein kan sjå kor ho er. Røret viser seg som eit langsmalt, spisst 8-tal mot den lyse sanden.

Er det gråe på vika kan ein ha med ein pose med levergrakse"lynna". Denne blir hengt utfor båtripa i eit snøre, og lagar eit lite flak med blankstilla, slik at ein ser godt. Posen er av grov seglduk eller strie. Stikk ein frå le-sida på båten blir det og bedre å sjå. Ein stikk oftast på skyggesida av båten dersom det er sol. Då blir ein ikkje så lett blenda av lysrefleksane frå vatnet.

Skjélpiken kan være av to slag. Den enklaste og eldste er ei stong av bjørk eller rogn, tjukk som eit riveskaft og med tynnenden tilspissa som ein blyant. Av storleiken på åndeholet kan ein sjå omtrent kor stor skjéla er. Under vanskelige forhold og når skjéla gaper dårlig, kan det hende at ein Stikk ei og anna saue(geite)skjél fordi åndeholet ser likt ut, men dei er for små til agn og blir rista av igjen. Dei største ku-skjéla blir det inntil 3 - 4 agn av, og dei er svarte og tunge. Dei prøver ein helst å få tak i. Piken blir ført forsiktig eit par tommar over sanden fram mot ånderøret og blir stukke rolig, men bestemt inn til han stoppar. Skjéla bit seg fast med ein refleksbevegelse og held taket godt. Etter eit sekund eller to dreg ein forsiktig skjéla laus frå botnen, løftar ho inn i båten og dreg hos laus mot ei toft. På denne måten kan ein stikke ca. 2 skjél i minuttet dersom ho gapar tett nok. Piken må kvessast av og til.

Uansettt kor lite gråe det er vil båten drive litt. Det er oftast berre ein fordel, fordi ein blir ført til nye område utan å måtte uroe skjéla med å stake seg fram. Er det for mykje vind til at du får arbeide i fred, heng du ut ein stein i fanglina. Dreggen er ikkje bra å bruke, fordi den tungvint å flytte. Bind du fanglina i eine fliet er han likevel brukbar. Steinen rykker du berre ein meter eller to langs botnen.

Den skjélpiken som vel var mest brukt av oss ungane var av meir moderne slag, og var påspikra ein stiv stål- eller koppartråd (telefontråd) som stakk 10 - 15 cm rett ut frå enden på stonga. Denne piken krevde - og gjorde mulig - ein litt anna teknikk enn tre-piken. Fordi ståltråden er glatt og jamntjukk har han lett for å gå tvers gjennom skjél-maten, og skjéla får så store skader at ho døyr etter kort tid. Det var derfor ein kunst å ikkje kjøre strengen lengre inn enn med tre-piken. Litt meir finhendt måtte ein og være for å få ho laus av sanden uten at ein drog piken ut.

Dersom skjéla skulle brukast straks, hadde stålpiken den fordelen at ein kunne stikke fast 3 - 4 skjél før ein drog inn. Då kjørte ein stonga inn så langt ho gjekk, og det gjorde ingen ting om skjéla fekk skade. Stakk ein bom, klappa skjéla igjen åndeholet - "ho gapa att". Likevel kunne ein klare å få inn eit stikk til, og ofte blei det "fast fisk". Skjéla kunne ligge med 30 - 40 cm mellomrom. Av og til var ho svært var, og dei næraste gapa halvveges att når du stakk naboskjéla. Det kunne dei og gjere på grunn av skyggen frå båten eller uroa på vatnet frå piken.

I godt vér og "skjélstilla" om våren er dette eit fascinerande arbeid. Vi ungane var gjerne to og tre i samme båten, og praten gjekk lystig, helst med kommentar til den og den vriene skjéla. Litt konkurranse var det og, foruten høglydt beundring når det kom inn ei ekstra stor og svart skjél. Dette "ollet" blanda seg med vårlåten frå sjøfugl, banking frå ein og anna båtmotor og vognrammel oppå bygdevegen. Skjélstikkinga blei avslutta for dagen når sjøen var for mykje oppflødd, når det blei for kaldt, når skjéla av ein eller anna grunn slutta å gape, eller ein rett og slett hadde nok. Skjéla blei talt opp og lagt i ein kasse eit stykke nedom flomålet med litt tang over, eller i ein striesekk med tau og fløyt på. Slik kunne ho ligge eit par dagar og var like god.

Skjelstikking til fots.

Dette var ein grei måte å stikke på, og forskjellen var berre at piken ikkje var over ein meter lang. Du måtte ha med ei bøtte eller lignande til å ha skjéla i. Støvlane måtte være tette og så lange som mulig. Forsiktig og stilt måtte du gå, og stikke så langt frå deg som mulig slik at ikkje skjéla blei skremt. Ettersom Lujnnes-leira var svært flat, kunne ein nå over utrulig store område på den måten.

Kallane var og med og stakk skjél på denne måten, men det blei gjerne sett på som litt mindreverdig. Derfor brukte dei helst denne måten når båten låg øvst i støa med 50 meters fjære utafor, eller når dei berre trengte litt agn til Supplering. Ungane stakk gjerne skjél når det var nokon av kallane som trengte litt i tillegg til det dei hadde sjøl. Betaling var det aldri snakk om, så vidt eg veit.

I sin høge alderdom - rundt 90 år - var han Ingebrigt Jonsa framleis aktiv fiskar, og støa hans var alltid brulagt med eit tjukt lag av skjélskall. Han fekk etter kvart dårlig Syn, og klarte til slutt ikkje å stikke skjel sjøl. Då ba han OSS Ungane om å stikke skjel til seg - betalinga skulle være l eller 2 øre pr. stk. Det var inga dårlig betaling, men vi fekk ikkje lov til å skaffe han skjél fordi familien hans var klar over at han var alt for gamal - reint fysisk - til å klare ei linesetting og draging. Han Ingebrigt må ha fått eit dårlig inntrykk av den unge slekt som ikkje var i stand til å skaffe han agnskjél for betaling ein gong.

Skjél-klipa.

Dette svære redskapet er vel helst laga for å ta blåskjél med, men det kan og brukast på ku-skjéla - og eg har sjøl prøvd det, med ikkje alt for godt resultat. Den faste Kklodelen blir kjørt ned i sanden ved sida av skjéla, og ved å dra i snora blir skjéla fanga inne i klipa. Klipa hong i Oskar/Arthur-naustet, men eg såg aldri at kallane brukte ho.

Skjélriva var og lite brukt, og er lite miljøvennlig ovafor yngre årgangar av skjéla. Den blir brukt på svært grunt vatn, så vidt at båten flyt. Det er for å få nok kraft påriva. Båten er fortøyd med dregg, og tauet blir slakka litt etter litt slik at du arbeider deg framover i eit 3 - 4 meter breitt belte. Både smått og stort hamnar i riva, og sjøl om du hiv ut dei aller minste skjéla, blir nok mange ødelagt. I "mi" tid brukte ingen skjélriva, men i 60 og 70-åra har Olaf Olsen frå For brukt dette redskapet ein del. Ein viktig ting her er at arbeidet er såpass tungt at du held deg med varmen uansett årstid, og du treng verken å ha godt syn eller være stø på handa.

Hundre skjel av blanda storleik var nok til å egne ein bøyel line på 200 onglar. Skjela var det mest vanlige agnet fordi ho var lett å få tak i. Ville ein gje fisken høve til å velge, kunne ein satse på:

Fjæremakken - som er godt hyseagn. Heile "Leira" frå 60 - 70 cm under flomålet er tett belagt med makke-ruer. Helst grev ein den opp på litt stor fjære med god tid til området blir overflødd på nytt, for å få eit stort nok antall makk er svært tidrevande. Arbeidsredskapet er ein rund torvespadekalt makke-spa når han blei brukt i fjæra. Makkespaden sto i naustet og blei berre brukt til å grave makk med. Det fannst spesielle makke-greiper med to eller tre flate tinnar på, men eg har aldri sett dei i bruk. Ingebrigt Jonsa hadde ein med to tinnar, og eg trur han fekk den spesiallaga.

Dei gamle hadde kvar sine område der dei aller helst grov. Han Ingebrigt Jonsa heldt til midt på storleira. Han Oskar grov mest på sin eigen teig og inne mellom dei nerste fjæresteinane i overgangen til leira. Der var det stein under overflata og vanskelig å grave systematisk, men bra med makk og grov sand som gjorde det lett å grave og å få makken laus. Han Arthur gjekk heilt ut i bergklipene på Borterskjæret. Der var han den einaste som grov. Sanden var grovkorna og makken var stor, og sjøl om det var langt å gå, trivdest han der.

Han Ingebrigt visste kor makken sto i forhold til holet og den tilsvarande rua, og det var kanskje derfor han heldt seg på den ryddige sanden der slikt var lettare å holde greie på. Ein "kaup" av eitt eller anna slag hadde ein med, om så berre eit auskjer som vel var det mest vanlige og det som alltid var for handa. Det går massevis av makk i eit sprettauskjer.

Systemet i gravinga var det ikkje lett å bli klok på. Det kunne sjå planlaus ut, men dei gamle hadde nok eit system. Ein måte var å spa opp ein halvsirkel - ca. 1/2 meter i diameter, og så utvide den til den var rundt ein meter. Men ofte grov dei rett og slett ei grøft i siksak hit og dit, berre så brei som spaden. Makken sto inntil 18 - 20 cm djupt, vanligvis 10 cm. Han kunne være utrulig vanskelig å få laus, sjøl om du såg enden på han i gropa.

Ein skulle tru det var lett å skjære makken over med den tynne spaden, men makken er igrunnen nokså seig i skinnet, og dei gamle kjente når dei trefte makken, og stansa presset i tide. Så blei makken lirka laus. Var det bakenden ein fekk tak i, var det vanskelig, og ein kunne slite han av før han slepte taket. Då tok ein gjerne eit raskt spadetak til. Fekk ein tak i framenden var makken sjanselaus.

Vi ungane grov og makk, men blei aldri særlig effektive, og hadde for lite krefter og tolmod til å holde ut særlig lenge. Spaden stakk ein utan å trø på vinkelen, og velta sanden til side medan ein brukte låra og knea til stød for underarmane. Gravinga blir då ei flytande og mjuk rørsle som ikkje tar så mye krefter.

Makkespainga måtte helst gjerast samme dag som lina skulle egnast - makken levde ikkje særlig lenge oppe i dagen. Ein makk ga frå eitt til to agn, alt etter storleiken. 30 - 40 makk var eit fint tilskot til linen, og dei fleste sto ikkje lengere på leira enn at dei hadde så mange. Eit heiltlinesett med makk trur eg ikkje forekom.

Vi ungane var gjerne i lag, og skiftast om gravinga. Det blei gjerne rop og skrik når det dukka opp ein makk, og alle prøvde å få tak i han. Spenninga var større enn ved skjélstikkinga. Vi såg aldri noko ufyselig eller uappetittlig med makken, sjøl om han unektelig er lite pen å sjå til. Tangsprell - skal være godt agn, men så vidt eg veit var den ikkje brukt på Lundenes. Ungane var stadig på jakt etter tangsprell, men då berre for å beundre den voldsomme krafta han demonstrerte med rasande sprell og ville kast hit og dit. Å klare å holde ein tangsprell var ikkje lett. Dei største tangsprellane eg har sett i heimefjæra er 15 cm, men på Borterskjæret fann vi ein gong eit røslig eksemplar på over 20 cm.

Sil. I mi tid var det berre småsil i leira, men dei vaksna fortalte ofte om storsilen som var så stor at han var brukande til folkemat og til løyping. Silen kunne vi sjå i store "flak" når vi rodde på vika, kanskje 500 - 1000 i ein stim. Då var han ikke til å få tak i, men når sjøen fall, låg han nedgraven i sanden og kunne graves opp med makkespade. Fangsten var gjerne større i antall enn makken, men det blei berre eitt agn av ein sil.

At silen går ned i sanden, har visstnok med gytinga å gjere. På Lujnnes-leira kunne vi finne silen nede i sanden lagt nedafor øvste flomålet, men helst ovafor der fjæremakken var. Silen grov seg ned på eit par sekund dersom han fekk ligge på våt sand, og ein måtte være snar og få han i bøtta. Silen måtte og brukast samme dagen som han blei fanga. Silen sprellar verre enn tangsprellen og er ikkje god å få tak i.

Utnyttingsgraden. Frå ca. 1960 har leira vore mindre brukt i agnforsyninga enn før. Dette viser seg tydelig når ein ror over vika og ser på skjéla som gaper. Desse er jamnt over større enn før, og ligg tettare. Ein ser og tomme skjélskall som ligg oppå sanden, noko som aldri forekom før. Den som ein sjelden gong stikk skjél til småline, vil og merke at det er meir stor svartskjél enn før, Dette tyder på at denne ressursen inntil 1960 var utnytta bortimot optimalt og framleis vil kunne tåle den samme utnyttinga som før i tida. Fjæremakken var sikkert ikkje fullt utnytta før om åra heller. Der er sikkert hundretusenvis av makk i leira, og den regulerer seg nok sjøl i antall.

Silen er vel årviss no som før, og den vesle utnyttinga som var før, betydde ingen ting.

Ungar og agn. Ofte kunne vi finne på å grave etter sil og makk eller stikke skjél berre for moro, og uten at nokon trengte agn. Dette blei ikkje sett så strengt på av dei vaksne, men vi fekk vite at det ikkje var rett, og at vi skulle vente til det blei bruk for agnet. Det var og noko tragisk over eit agnparti som råtna opp i fjæra.

Ungane kunne og skalle skjela når kallane egnte. Det var eit greitt arbeid, gjerne med ein avbrøten bortkniv med lørveskaft som redskap. Skaft av andre material blir for glatt av slim frå agnet.

Egninga og linesettinga er eit langt kapitel for seg sjøl, og andre får skrive om det. Sjøl blei eg aldri ansvarlig linefiskar, og manglar den sakkunnskapen som trengs. Den var slett ikkje liten, og agnforsyninga med alle sine små viktige finesser var berre barnemat mot alt ein måtte kunne for å sette 3 bøyla line, drage han og ta vare på bruket og fangsten etterpå.