AS3: Intervju med han Mons på Arctandria sitt 50-årsjubileum: Storåret 1988

Intervju med han Mons på Arctandria sitt 50-årsjubileum: Storåret 1988

Publisert opprinnelig i Arctandrias Skrifter #3 (1989)

Skribent: Leidulf Olsrud

Mons: Ka du sa det var for slags folk det her?

Intervjuer: Det er arctandriafolk, de vil ha deg til å fortelle i
frå jubileumsåret, storåret 88.

Mons: Åttogåteti....? Ja, det var det året då vi fekk vårren for
oss for alvor. Folk var jo førrlate meg ikkje under tak ifrå Påsken og tel langt ut i adventa.

Int: Ja, - ka det var som gjor at det blei så travelt?

Mons: Jau, forstår du - i syvogåteti så hadde vi fått det førr
oss at vi sku bygge et stornaust, og det første vi måtte tell med, det var å finne matrial. Der for arctandriafolk med tomstokk og rejnnte og snoka i kvær en bakgård i Tromsø og leita femtomstømmer.

Int: Eg har hørt at di fann et hus tel slutt....?

Mons: ...jah! og då saug di sæ på det og reiv det ned og førte
det bortpå Stakken.

Int: Og det gjekk fort førr sæ?

Mons: FORT! Ja det gjekk så fort førr sæ at utpå hausten då vi hadde bygd ei stund, då fann vi ei gammel kjerring neri materialdongen. Ho blei då lovt at ho sku få bli medlem i førreninga og ho sku få bo på naustloftet, og førskellig.

Men ho bære skjentes og sa at vi fekk henge i og bygge såpass at ho fann bundingen sin. Og då vi fann han så fortsette ho å strekke, det va en sjølugg ho hadde holdt på med.

Og utigjønna året så blei det en masse vekje med i førren­inga. Vi trudde at nu sku det bli vaffelkaka hvær en dag, mæn nei du! Di bygde naust og segla og rodde og klampa på gammelbåtan lekså di ajnner.

Int: Kunne dokker det der med å bygge?

Mons: Kunne vi bygge?! Nei, men vi knegjekk en balsfjording så
lenge at han lovte å vise oss korsen det skulle foregå.

Int: Ka ”han• heite?

Mons: Han heite så mykje som Sverre. Han vesste akkorat korsen det sku være. De første sju omfaran di måtte han bygge sjøl, så då holdte han sæ med varmen. Men ætte kvart som vi lærte det der med mekniv og bandkniv og medrag og demlingsnavar, så blei han omtrent arbeidslaus. Ja det blei då kaldt åt han, så vi fann då ut at vi sku kjøpe varmedress. Men då han Sverre fekk den på sæ, då varskudde han at vi trengte ikkje å bygge nokka naust i det heile tatt.

Int: Å...?

Mons: Ja, han sa at vi måtte bære komme med fembøringen våres, så sku det vel bli ei råd med hus. Inni dressen.

Int: Javesst, men så gjekk det fort med bygginga. Var han Sverre fornøyd med arbeidet dokkers?

Mons: Han ”sa• ikkje så mykje, men vi brukte å telle klore-merkan på øversylla kver kveld. Ja, sa vi med kveranner, i dag har det gått godt, og i dag har det gått dårlig.

Int: Var dokker mange med å bygde?

Mons: Næi, det va nu så førskjellig. Du skjønne at det va en tjeld som hadde laga sæ reir utførr nau™ustdørra, og han blei nu™u snart vant med han Sverre og en seks, sju stykkja tel. Men når forskjellige ajnner gjestesnekkara kom luskanes sånn en gong i mån'en, så holdte han et sørgelig hus.

Int: ...Så det var greitt å sjå kem som var der oftast? Var det dyrt å bygge? Hadde dokker penger nok?

Mons: Steike fri førr penga! Og naustet det va bære en tripartes ferdig. Men det der storåret åttogåteti så laga vi tel lotteri! Og vi klabba i hop læfsdailla og kiste og førskj­ellig. Og så va det en førsvujlten båtbygger bortpå Kvaløya, - han spekra samen en halltrierømming åt oss - på krita. Trur du han var drestig! Og båten han blei akkorat ferdig tel vi sku stille oss ut i lag med alle plastikkbåtan. Ja - førr sekkerheits skyld så hadde han bære klenka ajnnakver saum. Og der satt vi tre - fire majn og gnog lefsa og sælte lodd og laug førr kajllan om førr en gjæv båt det va!

Utpå ajnna dagen så davrest det av med loddsalget, og båtbyggaren han satt der og kajllsveita før at det ikkje sku bli sælt nok lodd. Han hadde jo tel og med sætt på tvellinga det året. Førrstår du han gnog framana naglan så vi begynte å frøkte førr spajnnmåle hannes. Men så for det en gammel­erik i han, og så rejnnte han heim i naustkråa ætte en tjærraskvett og lurte i pujnne plektan. Og det lokta tjærra over hele messehallen, og folk di kom sylanes lekså makk­floga og kjøpte lodd så vi måtte stuve pengan i en lefse­dajll.

Så der fekk vi nok tel både utloddingsbåten og tel en gammel førrgnien fjøsbolling ovana Målselva såpass at vi fekk skøytt på nauste' våres. Ja, det va nu egentlig en stajll, og hesten hadde gnie på stokkan så du kunne tælle kvært et nødsår og hvær ei bunø' sia århujnnerskjeftet.

Og båten han hamna nu med en guds styrels utpå Senja. Og då va loddan selt, men den siste loddsællaren han va førsvujn og vi prøvde liketel Frælsesarmeen førr å få ”i• han. Men han meldte sæ frivellig då polletie va på sporet.

Int: Du snakka om ”storåret• åttogåteti. Var det meir som skjedde det året?

Mons: Utpå sommaren så va det råseglseminar, og der kom seminar­ ista ifrå kvært et avholl i skandinavia. Der kom danska og svenska og sjøl veit om der ikkje va kvæna med og.

Int: ....og engelskmenne.

Mons: Nei, engleskmenner ”det• hadde vi ”sjøl•. Såpass at vi blei hjelpen.

Int: Ja, ka dokker gjor på det der seminaret?

Mons: Det var foredrag kver en einaste dag. En dag så kunne det være om førskjellig slags nulematerial. Og en anna dag så kunne det være om ka slags knute du sku belægge høvedsmajn med vesst han ikkje ville fram med sjydrammen. Og danskan di kom med gamle hesterompe og basthespe og førtælte korsen di snura tau uta det der sletre.

Int: Va dokker heldig med veret?

Mons: æ ska førtelle dæ at det va nokken som meinte at Vårherre va nordlending - eller at han i alle fall var nordaførr på ferie. Klenke have, damme stilla om formiddagen, og passelig landnordøy-gråe sånn imot nonsmat-tida såpass at vi fekk blåst kommelvæven itur sægellørve våres.

Int: Var det mange båta? Kor di kom ifrå?

Mons: Ja, du ska tru, der va førskjellig. Folkemuseet sætte ut Merkur, oppråtten og søkklæk og fri for nula. Ja, det va det nu ingen som hadde sett ætte. Så båtutvalget di auste Tromsøysundet to gonger igjønna han førr di kom på å kjejnne ætte om nula va der. Og så tok di og tredde en kvaløyværring i hollet, og der satt han tel di kom tel Håkøybotn. Då tok di ut kvaløyværringen og søkte ned båten så det va bære røyra og stæmmtoppan oppe.

Og malangsværingan di kom trøskanes med en hallfjærerømming, og grytværingan med en kobring ifrå unionstida med svensk blåmaling på, og tronesværingan med en storåttring og så va det tre fire tromsøåttringa attåt. Den eine han hadde vore føringsbåt førr Salgslaget, så der va støypgolv og okse­lekkje og møkkerluka i han endå. Og så henta vi en halv­fjerderømming innana Andersdalen, og Andersdalingan di hadde skruva fast et heilt stabbur over atterskotten - og det va fire båtalen høgt.

Int: Ka det sku være tel?

Mons: Ja - andersdalingan di e så egen at di syntes di måtte kunne gå bein inn dørra sånn som di gjor heime.

Int: Kor folk bodde hen?

Mons: Ja, nokken di bodde i naustet og nokken di bodde i tuberk­uloseførreninga sitt hus. Malangsværingan di bygde sæ reir atti i huset på Merkur. Og læk va han, og læk blei han, og di auste og di auste ..... men det va meir vøta enn di likte.

Int: Æ har nu aldri hørt at malangsværingan hadde nokka imot vøta ....?

Mons: Njæææ....næi så lenge det ikkje e førr mykje vatn i lag med så.... Men så hadde di en grytværing på besøk, og då ”han blei våt på føten så fann han på at di sku maure.

Int: Maure?

Mons: Jada, og så henta di en sekk med sagmått og rodde rangsoles rundt Merkur og strødde sagmått utførre de største revvan. Og tett blei han. Men dagen ætte, då kom han med en norda­vinds kulig og då sku di ut og segle, og då segla di ut ajll sagmåtten så det såg ut akkurat som Aursfjordssaga for ætte sjyen. Så då va det like galle igjen. Men ætte det så blajnna di bære litt sterkar, såpass at det ikkje gjekk pælmakk i di.

Utimot slutten på seminaret så va vi på Grindøy på utflukt, og da rejnnte di åttringan oppe på hvær sett skjær. Og ætte det så blei skjæran kalt førr luggsolen og skeiskoffa.

Int: æ har sett bilda ifrå en sæggeltur i åttogåteti - uti øyan eller kor det nu va?

Mons: Ja, det va helga ætte at Vårherre va ferdig med ferien sin. Han va nokka rafsevér, men ikkje værre enn at vi fann Sandøya, det va dit vi sku, og ho e nu bra høg. Men det va en sjark så ikkje sto han a utpå Skarsteinråsa, så han la sæ førre uti Gåsværran.

Int: Ka dokker gjor på Sandøya?

Mons: Nei, ka vi gjor! Brente opp rækveden førr Mælvikkarran og spollerte gåsejakta demmes.

Int: Javel ja. Var det utlendinga med på den turen?

Mons: Det var ei kvænvekja ovana Saima, ho hadde løst tel å prøve om di her åttringan va likar enn kjerkebåtan demmes.

Ho fekk då strengelig beskjed om å ikkje ta med sæ førr mye pargas. Men sia så har æ hørt at ho spekulerte på ka vi sku med den der steindongen vi hadde ligganes medt i båten. Ja førr det va ikkje nokken som hadde førtælt at ”ho• sku ha med sæ nokka stein. Ja, ho torte ikkje å spørre, men så skjønte ho jo at det va en slags sauna vi hadde regga til.

Og då ho fekk høre at han Walter hadde vore et ærend i Risøya, då va ho ”sekker• på at det sku bi lørdagsbading og pisking med ris, tel æra førr ho. Mæn han Walter, han kunne førtælle at næida, det va veiboka si skyld at han hamna i Risøya, han hadde fått med sæ en gammel utgave, sa han.

Nei, alt gjekk vel, og då vi låg og kappsegla på heimturen, så prøvde vi førskjellige måta å klø mastra på førr å få sægelvind. Han Walter han hadde toppsægle oppe, og han sendte en uta skårungan opp førr å klø toppen o™'g. Det endte med kapproing, men kem som vajn det ska æ ikkje kunne sei, det e jo så lenge sia.

Int: Var det det året dokker begynte å restaurere di der to vikranbåtan?

Mons: Ja det va akkurat det der storåret åttogåteti. Det var 10 majn og to vekje så fekk sånn hajnnkløe utpå hausten. Og så for di bortpå Bajllsnes og fajn tak i et gammelt sjølsøkkje ifrå dansketida, og en oppråtna fjøldonge ifrå Tore Hujn sine daga. Den føste han hadde vore med i Trollfjordslaget, det va der han fekk støngen, førtælte di. Og sia så va han brukt tel feskekista om så kor lenge.

Int: Gjekk det godt med restaureringa?

Mons: Ja, røten' di va god. Og vi held på endå, så det blir nok en bra båt.

Int: Ka du førtell!?

Mons: Ja du skjønne, at di føste fjølen di sætte i, di va oppråtten førr di fekk på di siste, og så va det å gå laus på nytt igjen. Men røten', di va god!

Int: Og så va det 10-årsfest?

Mons: Ja, det va nu og et styr. Fæstkomiteen di va og såg sæ om ætte bellig mat. Og di pruta på prisen og sto i. Ja di va liketel på kurbadet og hørte sæ førr. Tel slutt så fann di sæ en plass, og så va det tell å akkodere om mat og drekka. Først så va det grynmelsgrøt på heim-ala-bygg og sjyvatn - ja di va tel og med på ho Espelid ætte bellig oppskreft. Og så sku di ha rusinklonk attåt. Og tjelden bortpå Stakken, han såg vi ikkje hyren utav ifrå den dagen vi begynte å snakke om fæst. Men det blei nu nokka meir sivilisert, så vidt æ huske.

Næi du - nu får æ gå - vi har restaureringskveld. Det e endå nokkan fjøle å spekre på den siste vollstadbåten. Men røten', di e go.

Ja, det e sant at - når berre røten' e god, så e det mangt så det e botevon i.