Smålinefiske i 50-åra
Publisert opprinnelig i Arctandrias Skrifter #3 (1989)
Skribent: Asbjørn Olsrud
Etter dorg og juksa er vel småline den mest vanlig form for heimefiske dei fleste stader på våre kanter av landet. Sjølv den mest innbarka medlem av Bondelaget har en bøyel eller to med slikt bruk hengande i naustet eller i sjåen. Sjeldan brukt - men ein kan aldri være så sikker på at tronge tider ikkje kjem attende at ein tek sjangsen på å kaste dei. - Dersom dei no ikkje i rein uforstand skulle bli hivd på dungen av ein framfus odelsgut med landbruksskule og firehjulsdreven, grønnmala Felleskjøps-traktor.
Dette er eit forsøk på å beskrive korleis dette heimefisket gjekk til på ei øy i Sør-Troms midt i 50-åra, - det har forresten ikkje endra seg stort over tredve år. Heime set vi småline framleis, og det hender at same fløyt, kavelstaurer og ilsteiner som vi brukt den gongen, endå må til pers.
Vi var så heldige at vi hadde ein snill og blid farfar som lærte oss dette og tok oss med på havet frå vi var i 10-årsalderen. I hans siste år var det vel vi som tok han med - lenge etter at han var såpass skrøpelig at han måtte ha hjelp både i og ut av båten. Men når han satt på tofta, var det ikkje mykje i vegen med kallen. Då var det han som sa korleis det skulle være.
Svartaste vinteren var det lite drift. Det var verken sild eller akkar i den tida, og skjéla grov seg ned i sanden, kneip igjen kjeften og venta på våren. Skolen og alle dei plager den førte med seg, var og ei uovervinnelig hindring. Men så blei det påske med stilla og storfjæra sjø, og skjéla gapa. Skjéla som var skaffa til veie, blei først skalla - det vil seie at ho blei delt i to med ein liten kniv. Ein rettelig skjélskallarkniv besto ofte av ein avbrøten bordkniv som blei slipt til på enden og ei tøyfille surra rundt som ein skaft. Skjéla blei lagt i ein kasse eller ein stamp, ei brei bordfjøl tvers over, og så blei ho skore med to snitt over lukkemuskelen, skalla bretta frå kvarandre med kniven og innmaten tatt ut, dette og med kniven. Var innmaten stor, kunne det bli 3 agn av ei skjél - ellers eitt eller to. Agnet måtte deles slik at det blei ein del av det faste med på kvart agn.
Så tok egninga til. Ein såkalla bøyel line besto av 200 onglar nr. 2,0 med øvste enden av leggen flatbanka. Den blei surra eller rørt, som vi sa, til eit bomullsforsyn med bekkatråd på ein bestemt måte. Forsyna blei satt opp på sjølve lina - grunnsloget - med ei famns avstand. Dette måtte måles ut på førehand slik at det passa med 50 forsyn på ein kala snøre, 48 famner. 4 kaler snøre blei så ein bøyel, ca. 360 meter.
I naustet hong det både "langsett" og "kortsett"line. Den vanlege var den kortsette med ei famn mellom forsyna, men for å nå over eit større havstykke med mindre agn, kunne lina settes opp med større avstand. Det samme kunne ein jo oppnå ved å knope annakvar ongål og bruke ”to• bøyler line, men det var jo tungvint. Det hendte at lofotfiskarane slo annakvart forsyn frå lofotlina og brukte den som langsetteline.
Snøret til smålina var 4 kgs hampesnøre som rotna fort og som måtte tørkast og stellast godt etter bruk. Bruket var dyrt, og det var lenge mellom kvar gong det kom noko nytt. Berre forsyna måtte stadig skiftast, det var nesten umulig å få ongålen ut av kjeften på ein liten steinbit uten at det slitna. Onglane rusta fort, så dei blei filt kvasse av og til med ei lita sagfil.
Bruket blei i det hele tatt svært godt tatt vare på. Endar blei spleisa og ordna. Knuter på ein end var utenkelig.
Onglane blei tredd inn på ein spesiell klave av tre så dei ikkje skulle bli ugreie.
Egninga gikk føre seg ved naustveggen dersom sola varma litt - ellers var det fjøset som måtte være egnebu. "Kor e katta?" var det stadig spørsmålet. Katta likte skjél like godt som taregjedden, og det hendte dessverre eit par gongar at stakkars Lurven gjekk på kroken og ho farmor måtte til som amatørkirug og befri det stakkars dyret for Mustadkroken i nerleppa.
Klaven blei sett inn i eit bora hol eller i ein spesiell trebit med hol i, som kunne henges opp der det passa. Ein ”sto• helst og engte, med klaven så høgt frå marka at den var klar, og stampen på ein høvelig kasse. Dette arbeidet måtte gjerast nøye, slik at agnet satt godt på kroken og at det ikkje blei vase når ein skulle sette. Sjølve lina kom alltid høgare i stampen enn onglane, og for å hjelpe på dette blei det lagt sammakrølla avispapir her og der. Avispapir blei også brukt mellom eit og anna av agnlaga for å hindre at alt for mange onglar huka seg saman dersom uhellet var ute.
Vi sette alltid seint på ettermiddagen og drog morran etter. To bøyler var det vanlige, sjeldan meir enn tre. Båten vi brukte var ein liten to-romsskjekta som var akkurat høvelig til dette bruket. Iler med ilestein og kavelstaur eller anna godt synlig fløyt blei gjort klar i båten. Hadde vi mykkje line, brukte vi av og til ein såkalt me¼,ila, det vil si at ein ilte midt på lina så det var lettare å berge bruket om ein skulle slite av når ein drog. Det hendte at ein bar fast i tareleggar eller stein på botnen, og dersom forsyna var ny og grunnsloget gamalt, så sto ein der "med stubben i nesen" som det blei sagt.
Vi var aldri langt avstad med lina vår, sjeldan meir enn ein halv times rotur. Det var flere gamle meder vi brukte. Kva for ei vi skulle velge, blei bestemt av om andre hadde prøvd og fått eller ikkje fått fisk der og der, eller om nabokallen, farfar sin bror kom oss i forkjøpet der vi hadde tenkt å sette. Då kunne vi jo ikkje for skams skyld klenge oss oppetter hans bruk. Han drifta ellers på litt djupare vatn enn han farfar som var landpostbud og måtte passe dette arbeidet.
Settinga gikk føre seg på frå 20 til 40 famners djup med farfar på kne på attertofta og linestampen i atterrommet. Ein av oss andre rodde og kallen gløtta i me'a og så korleis han ville ha det. "Meir åt lajnne¼," eller "ikkje meir åt lajnne".
På kvar bøyel blei det krøkt tre, fire små, flate, avlange steiner for å få lina til å søkke fortare, så ikkje straumen tok ho ut av me¼,a. Den dag i dag er det ein viss mangel på denne bestemte steinsorten i fjæra vår som ellers er full av andre slags større og mindre steinar. Kallen hadde for vane å plystre litt for seg sjøl mens han heiv ut lina. Var det eit agn som small litt ekstra mot sjøen, stansa han plystringa og nikka smått .... han ”sa• det aldri, men den smellen hørte nok fisken.
Når siste ilen var sett og kavelstauren kasta - følgd av eit "Tvi være" - låg dei samankrølla sidene av Harstad Tidene og flaut som eit perleband etter oss, og medan stampen blei skylt for den ekle skjélsafta som hadde samla seg i botnen, snudde vi kjeksen og rodde på land. Båten blei lagt for "røkkedregg" til morran etter, og vi traska til gards på påskeskaren som akkurat ikkje bar no sola var gått ned, og gjekk til sengs til ei forventningsfull natt.
Men - det gjekk som regel med den forventninga som den ein hadde når ein gjekk på haustens bedehusbasar i håp om å få sjå ein negerpupp på den obligatoriske filmen frå den fæle misjonsmarka der det bodde hedningar. Ingen har vore så flinke til å filme negerjenter som misjonærane.
Skuffelsen blei som oftast stor. I samme sekund som det kom eit glimt av det alle smågluntane venta på, for handa til den dresskledde reisesekretæren som eit lyn framfor linsa, og medan den 40 kg tunge "Bell og Hovell¼,en" - som sekretæren drog med seg rundt på beksvarte og ubrøytte bygdevegar - klikk og gikk, var det berre innsida av handa hans som fekk nyte bildet av den fullmodne men forbode frukta. Innimellom kunne han rykke handa vekk for å sjå om det var trygt, men det var mest som blendaren på eit kamera der ein opererer med hundredels sekund. -Slik blei det for det meste med lindraginga vår.
Neste morra blei "linmærra" - eit spesielt vallbein til å drage line på og ein høtt (klepp) eller to tatt ombord. Av og til tok vi med kveithøtten og, men det var mest for spøk; eg har aldri fått større kveite enn at vanlig høtt var stor nok.
Oljebuksa - gul sjølsagt, - han farfar brukte forresten ofte berre eit fangskinn av seglduk når han drog line - og tollekniv.
Så var det å sjå etter kva slags veg straumen bar - ein drog alltid unna straumen, så sant det let seg gjere. Utom moloen står ein rødstake som er plassert der for eit par mannsaldra sia, for å fortelle ukjente sjøfararar at det er grunt på innsida. Han har virka godt, bortsett frå ein gong for mange år sia då gamle S/S "Salangen" rente seg oppe på Borteskjeret - som det heiter: for full fart og med ein lyd som eit augenvitne beskriv "som om du heiv ei galvanisert blekkbøtta med småstein nerigjønna fjæra". Vi som var vakse opp der, visste jo godt kor skjeret var, men som straummålar er røststøtta som ho blei kalt, av største nytte for å fortelle kva veg straumen går, og kor sterk han er. Eit blikk på støtta kan sei oss kor det er best å prøve etter storseien, og fleire slike nyttige ting. Ein får berre håpe at ikkje Statens Fyr- og Merkevesen finn på eit eller anna og bytter ho ut med ein gjenstand som berre er eit navigasjonshjelpemiddel.
Eit sidesprang kan hende - men dette var ikkje meint berre som ei vitenskapelig utgreiing om linefiske, men like mykje som ein slags stemningsbeskriving frå ein som heller vil sette ein stubbe line i påsken, enn å slite seg opp på eit fjell på atthåle ski for å ete på ein iskald appelsin.
Det var spanande å drage line. Stadig måtte ein gløtte over ripa for å sjå etter om ein såg fisk, og spurte stadig han som drog om han "kjente nokka". Kallen svarte nødig "ja" på dette spørsmålet. Det var likevel lett å sjå på åtferda om nokka større enn smågjedd var på ferde. Då blei draginga jamn og varsam, med eit sideblikk forvissa han seg at høtten var for handa, og fram under den grå barten mumla det ei eldgammel fiskebønn:
"æ ska'kje suge dine bein,
æ ska'kje suge dine bein"
Denne middelalderske messinga auka fryden og spaninga for ein liten andøvar, og det skulle eit nokså strengt "sett i still!" til for å få han til å passe roinga i staden for å "gløtte ut".
Var det vind og straum, var det ikkje så greitt for den som var liten og lett å andøve rett. Lina skulle "streve" frå båten akkurat passelig, ellers blei det for tungt å drage, og bruket kunne til og med sette seg fast under båten. Helst skulle dragaren ”sleppe• å kommandere "legg åt" eller "legg ifrå".
At det gikk godt bestandig i den vesle kjeksen med største breidde på ein meter og tredve, er eit under. Nedlasta av søkkvått bruk, iler og litt auster og folk, og så skulle ein meterlang blåsteinbit slåes i hel etter at ein hadde fått han til å bite seg fast i "betten", den mitre, faste tofta. Kjeksen har vi endå, og betten har sine merke fra hundrevis av steinbittenner.
Men dette var før sjøvettkampanjen si tid, og ein visste at ein fikk sjå til å halde seg innabords og ikkje satse på oransje redningsvester. Det var på ein måte "feigt" med livbelter. Det var slik ein hadde på seg når ein var på sømjekurs og lærern sto med selbuvotter på og drog oss rundt ein liten flåte i ei bambusstong så det fosset rundt nesen. På det området er det godt at tida har gått fremover. Vi hadde eit gammelt livbelte som vi hadde funne på rek, med innmat av kapok - og den plukka vi ut og brukte til nugla i gammelkjeksen som etter kvart hadde fått en fasong på nugleholet, der det ikkje passa med korketropper eller andre runde gjenstander.
Når lina var komen i båten og siste ilen var inne, bar det på land. Av og til krye over fangsten, men ofte skuffa over alt arbeidet som ikkje hadde gjeve meir av seg enn ein halv kasse fisk. Då var einaste trøsta at det kan hende ikkje blei så lenge til neste pølsemiddag.
Dei mest vanlig fiskeslaga var smågjedd, ein og anna større torsk og hyse. Brosme var sjelden ettersom vi fiska på grunt vatn. Steinbit var det som regel for mykje av. Det var revmat til underpris, eller tørrfisk. Ei og anna flyndre kunne vi få dersom vi hadde brukt fjærmakk til agn innimellom skjéla. Hysa likte og makken godt.
Når kjeksen svinga om moloen, blei naboane sendt til "sjyen" for å høre etter koking. "Velkommen på land" var helsinga. Det var vanlig å ”by• koking dersom fangsten var rikelig. Den som ikkje var yrkesfiskar, tok sjeldan og aldri betaling for det. Ville naboen ha meir enn til dagens middag, kunne det bli snakk om betaling. Og så blei båten sett opp med god båthjelp.
Sløyinga var som regel fort gjort. Måsene kjente igjen båten og gjorde seg klar for ”sin• middag av tarmer og hau. Med skrik og skrål kom han så nær at ein nesten kunne ta han.
Det var ikkje vanlig å ta med seg bøtte eller kasse til sjyen ”før• ein rodde. Den som bestemte fangsten, kunne antakelig bli fornærma dersom ein viste for tydelig at ein venta fangst. Blei det koking og meir enn det, blei småglunten sendt opp etter kasse og kjelke. Så blei han den første til å melde frå om fiskedretten og å få ros som flink fiskar. I slike tilfelle var det faktisk tillat å komme ein meter inn på kjøkkengolvet med gummistøvler på. Fangsten blei dregen til gårds, for det var der sorteringa gikk føre seg - kokfisken, boknafisken og saltfisken. Smågjedden blei sperra og hengt opp til gnagarfisk.
Så gjensto berre det aller verste etter at ilane var hengte til tørk og båten reingjort for blodvatn og anna rask, tareblad og koraller - lineklavinga. Det var eit sørgelig arbeid som det liksom ikkje blei nokka ”av• - på ein måte.
Å ta av gamle agn, ein og anna pirål, "orm", og sjøstjerner, ta snuren av forsyna og tre onglane på klaven gjekk seint og bedrøvelig, og alle knep blei tatt i bruk for om mulig å sleppe unna dette. Og som regel forbarma han farfar seg over oss og gjorde det ferdig etter at vi hadde gitt opp og absolutt "måtte" gjere noko anna.
Slik gjekk det til - og slik er det framleis. Så godt som ingen ting har endra seg på 30 - 40 år. Båten er den samme, stampen og linmerra, kveitehøtten med OMKL på, - etter Ol¼, Mekkal Kristensen Lundenes, - farfar sin far, det er der alt i hop. Bruket har endra seg litt, no er det nylon og anna kunstfiber i staden, men nokre gamle linebøylar heng framleis i nausttaket på klavane sine - merka med bokstaver dei og.
- Det er ikkje riktig alt som er hamna på bygdetunet.