Hausten 1994 blei fembøringen "Salarøy"sett opp med handmakt for første gong. Toogtredve mann og fem liter seltran, ti liter grøt, ei sjokoladekake og ein trønder til å synge, så gjekk det nokså greitt. Men som vanleg var det problem med å få tak i folk, sjøl om oppsettinga var på ein onsdag midt i veka. Dette vil alltid være risikofaktoren - kjem det nok folk, eller må vi la båten flø av igjen og prøve neste dag?
Å bruke vinsj eller traktor sparer folk, men betyr meir rop og skrik, fare for å knuse eitt eller anna, og ikkje minst: mindre sosial effekt av oppsettardagen.
Han Sverre Slettmo har gitt denne beskrivelsen av eit gangspell som både er enkelt å lage og som gir stor kraft.
Lagerbankane er felt litt ned i bjelkane. Dersom vi syns kabben skal tas i hus om vinteren, kan vi ordne det slik at den bakerste av øverbankane fungerer som lås.
Lauparen er av vaier, og til store båtar kan det skjæres inn ei blokk eller fleire.
Skal det tas ekstra tunge tak, kan pålane stages av frå toppen og bakover. Skal
konstruksjonen være ekstra forseggjort, bør bjelkar og bankar fases litt i
øverkanten og pålane kan kolles i.
To mann skal det til for å holde ein åttring bein, og 4-6 mann til ein fembøring, men eit slikt spell bør vi prøve å få til på Stakken. Det vil sikkert spare mannskap, og det vil i alle fall spare stress for den som skal kalle inn mannskapet. Øverenden og kabben kan få ei jernskoning om toppen. Dei delane som treng smøring, får litt levergrakse som dessuten er god impregnering. Vi skal ikkje gje oss ut på å regne ut den nøyaktige effekten av spellet, men med 1,5 meters arm på spaken (bjørkestaur/jernstong) og ein mann med 40 kilos kraft får vi ca. 400 kilos drag i vaieren.
Stoppmekanismen som er antyda på tegninga, kan diskuteres. Ein form for stopp bør der være, og dette er ei fjøl av hardved som står i spenn mot hakk i kabben.
Fra ARCTANDRIAS SKRIFTER nr. 8 fra 1995, skrevet og illustrert av Leidulf Olsrud: